Kraftig inntektsauke for hjørnesteinsbedrift
Alle piler peiker opp for Møre Trafo. I løpet av året blir det fleire utvidingar.
Møre Trafo held fram med å vekse og leverte rekordhøg omsetning i 2023. 829 millionar kroner enda inntektene på i fjor, ei auke på meir enn 250 millionar samanlikna med året før.
Det fortel administrerande direktør Runar Tandstad til NETT NO. Førebels vil han vente med å opplyse om resultatet, men kan stadfeste at rekneskapen også enda i pluss.
– Auken skuldast ikkje berre vekst i volum, men også ein vekst i råvarekostnader, som utgjer ein betydeleg del, fortel Tandstad.
Vi ser føre oss at veksten vil halde fram i år
– Ser føre oss at veksten vil halde fram
Møre Trafo lagar mellom anna transformator- og nettstasjonar, som i hovudsak går til straumnettet i Skandinavia og Norden.
Den familieeigde hjørnesteinsbedrifta i Sykkylven har lagt bak seg seks år på rad med vekst – og ventar at pilane held fram med å peike opp.
– Vi ser føre oss at veksten vil halde fram i år, seier Tandstad.
Han påpeiker at råvarekostnaden har stabilisert seg, og at dei ikkje ventar like kraftig vekst i år som i fjor. Året starta også bra med en pangstart og rekordstor ordreinngang i januar.
Skal utvide med to nye bygg
Forventning om meir vekst, er årsaka til at dei har fleire utvidingar på trappane. Tandstad fortel at dei allereie har starta grunnarbeidet på eitt bygg på kring 1500 kvadratmeter.
– Det er det første av to planlagde bygg. Snart skal vi også ut i marknaden for å få oppført eitt bygg til som blir nesten like stort, fortel han.
Dei nye bygga vil innehalde nye produksjonsareal. Framover vil det også bli investert i meir nytt utstyr og maskinar til denne produksjonen.
Tek i bruk avansert lakkanlegg
Nyleg tok Møre Trafo i bruk eit bygg på 600 kvadratmeter til nytt pulverlakkanlegg, som vil auke kapasiteten på det området betydeleg.
– Bygget blei sett opp for kring to år sidan, men vi fekk først nyleg levert utstyret som skal brukast. No er vi i gong med innkøyringa av anlegget, fortel Tandstad.
Det nye anlegget utgjer investeringar for kring 20 millionar kroner. Det inkluderer mellom anna to robotar frå ABB som skal stå for sjølve lakkeringa på produkta. Framover skal dei gjennom ei omfattande programmering for å få robotane til å fungere med optimal presisjon.
Publisert: 07.03.2024 05:00
Sist oppdatert: 07.03.2024 08:40