Per Magne Grøndahl Norsk Sjømat foto Ogne
EIN AV TO EIGARAR: Norsk Sjømat-sjef Per Magne Grøndahl eig konsernet saman med Bjarte Tunold. 2023-rekneskapen viser eit svekka resultat. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Tek rekordutbytte etter svekka resultat

Norsk Sjømat vart fleire tilsette og gjorde store investeringar. Men både omsetning og overskot peika ned.

Marius Rosbach
06.08.2024

Veksten stoppa opp for Norsk Sjømat-konsernet i fjor, viser den ferske årsmeldinga.

Etter fleire år med betydeleg vekst, enda inntektene i fjor så vidt over seks milliardar. Det var kring 450 millionar svakare enn rekordåret 2022.

Også overskotet vart betydeleg mindre med eit resultat før skatt på 452 millionar – ned frå 569 millionar året før (sjå tabell under).

Norsk Sjømat (konsern)
Tal i mill. kroner2023
2022
Driftsinntekt
6.031,9
6.482
Driftsresultat
547,4
592
Resultat før skatt
452,2
569

Tek rekordutbytte
Tala gjer at konsernet gjekk frå ein resultatmargin rett under ni prosent i 2022, til knappe 7,4 prosent i 2023.

Etter fjoråret vart det teke utbytte på til saman 72 millionar kroner. Det er betydeleg opp frå nivået dei siste åra på 30 millionar.

Konsernrekneskapen viste ein eigenkapital ved utløpet av året på 3,3 milliardar og ei langsiktig gjeld på 2,3 milliardar kroner. Per Magne Grøndahl og Bjarte Tunold eig halvparten kvar av aksjane i Norsk Sjømat-konsernet.

Auka arbeidsstokken med 55 årsverk
Norsk Sjømat-konsernet omfattar fiskeforedlingsanlegg på Stranda, eigarskap i fiskeri- og fiskeforedlingskonsernet Nergård, og Global Fish - som driv pelagisk industri. Konsernet har óg dotterselskap som vidareforedlar restråstoff frå fiskeindustrien.

Sjølv om omsetning og resultat gjekk ned – peika pilane oppover for arbeidsstokken.

Konsernet sysselsette i fjor 606 årsverk – ei auke på 55 sidan 2022. I tillegg var det kring 80 innleigde årsverk, ifølgje årsmeldinga.

Opplever auka konkurranse
Verksemda er stadig meir prega av konkurranse frå lågkostland. Det blir óg utvikla nye alliansar og partnarskap i bransjen som er med å forsterke konkurransen både på produksjons- og salsida.

– Styret meiner likevel at føresetnadene for framtidig inntening og drift for selskapet er gode, blir det konkludert i årsmeldinga.

Det var ordinært drift i alle segment i løpet av fjoråret, heiter det vidare.

Ny trålar og ny fabrikk
Ved anlegget på Stranda vart det i fjor gjort større investeringar i bygg og produksjonskapasitet.

For Nergård-delen av verksemda, var 2023 prega av bygging og pågåande prosjekt – mellom den nye trålaren Sørkapp som blei levert av Vard.

Vidare er det gjort oppgradering av filetfabrikken deira på Senja og ein fabrikk for restråstoff er under bygging på Værøy, og venta å stå ferdig i 2024.

Publisert: 06.08.2024 10:47

Sist oppdatert: 06.08.2024 10:43

Mer om