Norsk Sjømat foto ogne
VIKTIG RÅSTOFF: Fisk med sår og skadar er eit viktig råstoff for foredlingsindustrien, som blant andre Norsk Sjømat på Stranda.Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Fryktar foredlingsindustrien her heime vil tape

Norsk Sjømat-sjefen åtvarar mot å gi løyve til eksport av oppdrettslaks med sår og skader.

09.04.2024

NETT NO/NPK-NTB: Debatten om det norske kravet om at alle sår og skader på norsk oppdrettsfisk skal skjerast bort før fisken kan eksporterast har blussa opp.

Norsk Sjømat-sjef Per Magne Grøndahl meiner norsk foredlingsindustri vil tape om det blir lov å eksportere oppdrettslaks med sår og skader rett ut av landet - og fryktar for omdømmet til norsk laks.

Mowi vil foredle i utlandet
Bakgrunnen for at diskusjonen har skote fart, er at oppdrettselskapet Mowi tidlegare i år søkte om dispensasjon frå eksportforbodet.

Mowi si vurdering er at det er rimlegare å foredle fisken i utlandet, og at forbodet er proteksjonistisk og konkurransehemmande.

Debatten har fått ekstra kraft av at det i vinter har vore uvanleg mykje laks med slike skader. Og Mattilsynet har varsla hardare tiltak mot aktørar som eksporterer uforedla fisk.

Store konsekvensar
No utgjer fisk med sår og skader - såkalla produksjonsfisk - omlag halvpartene av råstofftilgangen til Norsk Sjømat sitt foredlingsanlegg på Stranda. Det normale er 20-25 prosent, ifølgje Per Magne Grøndahl i Norsk Sjømat.

– Det har stor betydning for å bevare foredlingsindustrien i Noreg, seier Grøndahl om konsekvensen av kravet om at sår og skadar skal skjerast bort i Noreg før eksport.

Han er også redd for omdømmet til norsk oppdrettslaks dersom forbodet blir oppheva.

– Det vil få store konsekvensar for norsk laks sitt renommé ute i verda. Då vi det kome ut ein masse dårleg fisk, seier han.

I ein normal situasjon kostar produksjonsfisken foredlingsbedriftene kring fem kroner mindre per kilo, enn fisk som har høgare kvalitetsrangering. Men den er også meir arbeidskrevande å foredle, ifølgje Grøndahl.

Nesten dobling av produksjonsfisk
Fisk med sår og skader som likevel er eigna til menneskemat blir kalla produksjonsfisk. Å skjere vekk sår og skadar blir kalla feilretting.

Åtte veker på rad har over 35 prosent av laksen som har vorte slakta vore i så dårleg forfatning at han har vorte klassifisert som produksjonsfisk.

I veke 13 var andelen oppe i heile 38,8 prosent – nesten dobbelt så mykje som same veke i fjor, og ny rekord. Det melder Intrafish basert på ferske tal frå Mattilsynet.

– Oppdrettarane må jobbe førebyggjande for å snu den negative utviklinga vi har sett dei siste åra, seier direktør for regelverk og kontroll i Mattilsynet, Inge Erlend Næsset.

Feil veg sidan 2018
Andelen produksjonsfisk har ifølgje Mattilsynet auka jamt frå 5 prosent i 2018 til 15 prosent i 2023. Det er mest produksjonsfisk om vinteren.

Fiskeriminister Cecilie Myrseth (Ap) vil ikkje spekulere på årsakene, men også ho omtalar utviklinga som urovekkjande.

– Viss ikkje forholda betrar seg, er eg redd det kan få konsekvensar for eksporten av laks frå Noreg, seier ho til Intrafish.

Publisert: 09.04.2024 10:30

Sist oppdatert: 09.04.2024 11:06

Mer om