Scanprod mars 2026 fv Marcin Rusniak Piotr Wysocki foto Ogne
I ARBEIDSHØGDE: Nye maskiner sparer Marcin Rusniak (t.v.) og Piortr Wysocki hos Scanprod på Valderøya for mykje løfting og stabling. Arbeidet blir no utført i arbeidsbordhøgde. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Tek vekk tunge tak

Arild Giske i Scanprod har alliert seg med Sintef for å få farta opp og belastningane ned i fabrikkhallen på Valderøya.

03.04.2026

Pallar med klippfisk fulle av salt står stabla på golvet i fabrikkhallen hos Scanprod på Valderøya. Saltet skal av og fisken skal stablast på brett før den blir sendt inn i tørka.

Tradisjonelt er det snakk om tungt, manuelt arbeid, med mykje løfting og gjentakande bevegelsar.

Like før påske hadde medeigar og styreleiar Arild Giske ei rekkje kollegaer frå andre klippfiskeprodusentar på besøk hos Scanprod på Valderøya , saman med folk frå Sintef Nordvest og FHF (Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfinansiering). 

Poenget var å vise fram resultatet at eit forsking- og utviklingsprosjekt som tek bort mykje av det tunge arbeidet - og dessutan gjer at bedrifta kan bruke saltet fleire gangar i staden å spa det opp frå golvet og deretter kaste det.

Meir maskiner
Sintef Nordvest har vore med på utviklingsarbeidet med seniorforskar Jannicke Fugledal Remme som prosjektleiar, medan FHF har vore med på finansieringa. 

Jannicke Fugledal Remme forskningsleder for gruppen Fiskeri Havbruk og Prosess Teknologi i SINTEF Alesund Scanprode 2026 foto Ogne
PROSJEKTLEIAR: Jannicke Fugledal Remme er forskningsleiar for gruppa Fiskeri, Havbruk og Prosess Teknologi i Sintef Nordvest og har vore prosjektleiar for automatiseringa i klippfiskindustrien. Foto: Ogne Øyehaug.
Scanprod maskinist Jonas Noguera og Lorena Gallart Jornes FHF foto Ogne
FINANSIERER: Maskinist Jonas Noguera i Scanprod og Lorena Gallart Jornet, fagsjef industri i FHF. FHF er med og finanansierer forsking og utviklingsarbeidet. Foto: Ogne Øyehaug

Første steg var å la ei maskin gjere jobben med å banke av saltet. Det skjer i ein stor trommel som Optimar på Valderøya som har laga. I staden for at fisken blir løfta av pallen to og to og banka saman slik at saltet dett i golvet, blir saltet rista av i trommelen og samla i eit kar under.

"På en god arbeidsdag tidligere, så kunne så mye som 10 tonn salt bli liggende på golvet. I tillegg til en enorm besparelse av ressurser knyttet til kosting og spaing av salt, så sparer bedriften kostnader til nytt salt,", skriv Sintef Nordvest i slutterapporten om prosjektet.

Neste steg var å å koble dette til ei maskin som legg opp tørkebretta i arbeidsbordhøgd, og ei som stablar opp dei fulle bretta til stabelen når høgda som skal trillast inn i tørkeriet.

Det utstyret er det Hpack i Kristiansund som har bygd.

Helge Eiken dgl Hpack Krsund hos Scanprod foto Ogne
MINDRE LØFTING: Dagleg leiar Helge Eiken i Hpack. Hpack ei maskin som fører tørkebretta i arbeidsbordhøgde fram til arbeidarane som legg på fisken. Den stør til høgre for arbeidaran i bakgrunne. Ei tilsvarande maskin som stablar bretta i høgda etterpå står til venstre, utanfor biletet. Maskinene sparer folk for å både løfte av tomme brett og stable opp fulle. Foto: Ogne Øyehaug

Hpack-sjef Helge Eiken har trua på at fleire vil ta utstyret bruk. 

– Det er sal på gang, seier han.

Dobla kapasiteten
Arild Giske i Scanprod har ei enkel oppsummering av effekten av det nye utstyret.

– Det har dobla kapasiteten, seier han. 

Neste punkt på ønskelista hans er å få utvikla tørkebrett i eit anna materiale enn tre, og som både veg mindre og er lettare å vaske.

Scanprod trommel for avsalting 2026 foto Ogne
TEK VARE PÅ SALTET: I trommelen blir saltet rista av, og saml opp. På gamlemåten blei saltet banka av manuelt. Førebels blir trommelen ikkje brukt til den største fisken. Foto: Ogne Øyehaug
Arild Giske scanprod foto Ogne
VIL INDUSTRIALISERE KLIPPFISKINDUSTRIEN: Arild Giske, styreleiar og medeigar i Scanprod. Foto: Ogne Øyehaug

Tre trekkjer også vatn. Då blir det tungt  og ikkje minst går deler av elektrisiteten som blir brukt i tørkeriet  med til å varme opp og tørke treverket.

Den energien får han ikke noko att for. Det er pengar rett ut av vinduet.

Største sidan 1950- og 1960-talet
FHFer ikkje beskjeden i skildringa av kva det nye utstyret og maskinene betyr:

"Det kan bli det største teknologiske spranget i næringen siden tørkingen ble flyttet fra klippfiskbergene og inn i tørkeanlegg på 1950- og 1960-tallet.", skriv Sintef Nordvest på nettsida si.

Den endringa gjorde mellom anna at klippfiskindustrien på Sunnmøre utkonkurrerte produsentane i Kristiansund og gjorde Ålesund og omegn til tyngdepunktet for norsk klippfiskproduksjon.

Publisert: 03.04.2026 05:00

Sist oppdatert: 03.04.2026 11:46

Mer om