Are kalvø foto sturlason kagge forlag 11
BOK OG SHOW: Are Kalvø tar for seg populærmusikk og livet på både teaterscenen og i bokform denne hausten. Foto: Sturlason, Kagge Forlag
Nytt

Tener millionar - og klar med nytt show og bok

Halvert overskot i fjor, men Are Kalvø har framleis millionløn og ei lønnsemd dei fleste kan drøyme om.

Marius Rosbach
16.08.2021

Komikar og forfattar Are Kalvø frå Stranda er busett i Oslo, der selskapet Mellom Linjene også er registrert.

Underhaldningsselskapet hadde ein betydeleg nedgang i inntekter og overskot i koronaåret 2020, ifølgje rekneskapen som blei levert tidlegare i sommar.

Superlønnsemd i koronaåret
Eit resultat før skatt på knappe 1,2 millionar kroner frå ei omsetning på drygt 3,7 millionar, gir likevel særs god lønnsemd med ein resultatmargin på over 30 prosent (sjå tabell under).

Frå 2019 har Kalvø som dagleg leiar, unna seg ei årslønn på meir enn 2,1 millionar.

Drifta har også gitt solid utbytte dei siste åra. I 2018 og 2019 blei det teke ut 3,3 millionar i utbyte til saman. Etter fjoråret blei det teke ut 700.000, ifølgje årsrapporten.

Mellom Linjene
Årsresultat (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 3,7 4,9
Driftsresultat 1,2 2,3
Res. før skatt 1,2 2,3

Urpremiere og ny bok
Denne veka er det urpremieren på Are Kalvøs nyaste framsyning, der han tek for seg låtane på VG-lista dei siste 50 åra for å seie noko om livet.

«Toppar VG-lista» har urpremiere 19. august på Det Norske Teatret. Onsdag førre veke vart det kjent at Are Kalvø slepper boka «Meininga med livet. Eller: Yes Sir, I can boogie» – vigd same tema – denne bokhausten.

50 år med musikk
Om den nye teaterframsyninga heiter det at Are Kalvø tek publikum gjennom 50 år med dei merkelegaste topplasseringane på VG-lista og prøver å seie noko om den tida dei var populære i, om folk flest og om det er noko å hente ut av denne musikalske kunsthistoria.

«For alle som ikkje finn denne musikken interessant eller god, så er det likevel nesten umogleg å ikkje bli påverka. Den blir spelt overalt; på radio, i bryllaup, på festar, i bursdagar, på kafe og restaurantar. Og umerkeleg snik den seg inn i nordmenns undermedvit, i ein så sterk grad at dei kan ta seg i å nynne «Pinne for landet» på veg til jobben», heiter det i pressemeldinga frå teateret – utsend med overskrifta «Finst svaret på livets store gåter hos Freddy Kalas?".

Publisert: 16.08.2021 09:02

Sist oppdatert: 16.08.2021 09:20

Mer om