pHAV Group Gunnar Larsen Siv Remoy Vangen foto hav group 11
NY AVTALE: Konsernsjef Gunnar Larsen i Hav Group og leiar for datterselskapet Norwegian Electric Systems, Siv Remøy-Vangen. Foto: Hav Group
Nytt

Tersan-kontrakt for Hav Group

Tredje kontrakt med det tyrkiske skipsbyggingsselskapet på fem månadar.

11.09.2025

Kontrakten er på sju millionar euro, omlag 81 millionar kroner etter dagens kurs.

Det er Hav Group sitt datterselskap Norwegian Electric Systems (NES) som har inngått avtalen. NES skal levere kraft- og automasjonssystema til ei ny ferje som det tyrkiske
verftet byggjer for eit ikkje-namgitt reiarlag, ifølgje ei børsmelding.

NES skal også vere systemintergrator, som betyr at selskapet får ansvaret for at utstyret passar saman med anna utstyr på skipet. Kontakten omfattar også "komplett kraftsystem inkludert motorer, generatorer, transformatorer, tavler og batteri. Selskapet skal også levere en ladekontakt som kobler skipene tilladestasjoner på land, samt et integrert automasjonssystem til fartøyet.", heiter det i børsmeldinga.

Kontrakt nummer tre
Tidlegare i år inngjekk NES ei  liknande kontrakt om levering til to andre ferjer Tersan Shipyard skal byggje.

– Den globale marknaden for elektriske ferger aukar raskt, med Europa i førarsetet. Vi er svært glade for å vinne nok ei kontrakt i heimemarknaden vår. NES sin merittliste frå å vinne og levere kraft- og automasjonssystemer til ferger vokser raskt, noe som gir selskapet en konkurransefordel sammenliknet med andre leverandører, seier konsernsjef Gunnar Larsen, i Hav Group i børsmeldinga.
 

Publisert: 11.09.2025 08:30

Sist oppdatert: 11.09.2025 08:30

Mer om