Karl Rosen Tomislav Debeljak Eivind Landmark Tandrevold foto Paula Zwolenski
KAN ANKE: Eigaren av det kroatiske industrikonsernet Div Group, Tomislav Debeljak (midten), tok over det tidlegare verftsselskapet på Kleven våren 2020. Etter få månader enda verftet i skifteretten. Her saman med Karl Rosen (t.v.) og Eivind Landmark Tandrevold (t.h.) i Gulating lagmannsrett. Foto Paula Zwolenski
Nytt

Tidlegare verftseigar er «overraska og skuffa»

Lagmannsretten meiner Div Group-eigaren har milliardverdiar. Kan anke kjempeerstatninga.

Marius Rosbach
26.02.2025

I midten av mars går ankefristen ut for Tomislav Debeljak og forsikringsselskapet Tryg i erstatningsdommen etter konkursane ved Kleven-verftet. 

Før helga kom dommen frå Gulating lagmannsrett der den kroatiske forretningsmannen blei dømt til å betale 120 millionar kroner i erstatning. 

Forsikringsselskapet Tryg vart dømt solidarisk ansvarleg for 30 millionar kroner.

– Eg vart overraska og skuffa over å høyra at lagmannsretten gjorde om den klare frifinninga til tingretten, opplyser Debeljak via sin advokat, Karl Rosén, til Nett No. 

Den samrøystes dommen frå lagmannsretten var eit sviande nederlag for den tidlegare verftseigaren. 

Førebels vil ikkje Debeljak seie noko om moglegheitene for at saka blir anka. 

– Medan eg går gjennom avgjerda og vurderer dei rettslege moglegheitene mine med min prosessfullmektige, vil eg ikkje kommentere dommen ytterlegare på noverande tidspunkt, legg han til. 

Moglegheita til å få saka inn for høgsterett er likevel avgrensa. Mellom anna kan ikkje bevisvurderinga overprøvast. 

Om dommen blir ståande, er det mogleg at fleire lokale selskap som tapte pengar i konkursane får noko tilbake. 

Fortalde om svak økonomi
Det er samtidig omtvista kva midlar Debeljak har. 

I retten opplyste advokatane hans at Debeljak gjekk på minsteløn i heimlandet og var forsørgjar for sju barn. Dei bad difor om at erstatningskravet blei lempa - eller redusert.

Konkursbuet sin advokat fortalde ei anna side av økonomien til forretningsmannnen og viste til at Div Group hadde levert eit konsernrekneskap for 2023 som viste netto verdiar for nær tre milliardar – som Debeljak eig halvparten av. 

Meiner Debeljak har milliardverdiar
Lagmannsretten skriv i dommen at Debeljak ikkje i tilstrekkeleg grad har bidrege til å belyse eigen økonomi. 

Med utgangspunkt i rekneskapane frå Div Group meiner retten at kroaten har nettoverdiar for kring 1,5 milliardar – og at det ikkje er grunn til å konkludere med at han er i ein svak økonomisk situasjon. 

Debeljak og Div Group-konsernet kom inn som eigarar av det dåverande Kleven-verftet vinteren og våren 2020. 

Tre månader etter dei kroatiske eigarane kom inn, var tre verftsselskap konkurs og fleire hundre verftsarbeidarar utan jobb. I ettertid gjekk konkursbuet til søksmål mot Debeljak personleg for tapa som oppstod.

Nett No gjer merksam på at Green Yard Kleven ikkje har noko med søksmålet å gjere, som omhandlar det tidlegare verftsselskapet på Kleven.
 

Publisert: 26.02.2025 12:16

Sist oppdatert: 26.02.2025 12:18

Mer om