Torsdag blei søksmålet mot den tidlegare Kleven-eigaren avslutta for denne veka i Gulating lagmannsrett i Bergen.
I løpet av dagen forklarte den saksøkte, Tomislav Debeljak, seg for retten.
Den kroatiske forretningsmannen fortalde om oppveksten i farens verkstad i familiens garasje – som blei starten på landets største skruefabrikk – og korleis han tok over drifta i relativt ung alder.
Då industrikonsernet Div Group kom inn som Kleven-eigarar i 2020, var det eit selskap med solide ordrebøker og betydelege finansielle musklar.
– Dette må mine barn høyre om
Debeljak fortalde at han er provosert av å bli framstilt som ein «gangster» og «tjuv», slik han opplever konkursbuet si forteljing om kva som skjedde våren 2020.
– Og dette må mine barn høyre om og sjå bli skreve, sa kroaten via sin tolk i lagmannsretten torsdag.
Kommentaren kom då han blei spurt av advokaten sin om innbetaling av arbeidskapital til verftselskapet.
Kroaten er mellom anna skulda for å ha forsøkt å tømme kassa på Kleven etter at bankane hadde «trekt ut proppen».
Dette forklara han med at han ville overføre pengar for at Div Group skulle fullføre eit viktig oppdrag – ein «plan b» for å berge Kleven - då avtalane med bankane blei sagt opp.

Ni-barnspappa på minstelønn?
Kva verdiar og inntekter Div Group-eigar Debeljak eigentleg rår over, vart eit sentralt tema i saka torsdag.
Spørsmålet om Debeljak sin økonomi er kome opp fordi kroaten sine advokatar har bedt om lemping av ein eventuelt erstatningsdom grunna manglande økonomisk bereevne.
Ifølgje advokatane til ni-barnspappaen hadde han ei inntekt på kring 8500 euro – eller 100.000 kroner i 2023. Samtidig eig han halvparten av eitt av heimlandets største industrikonsern.
Det er kjent at verftsdelen av Div Group-konsernet har vore under konkursbeskyttelse i heimlandet. Resultatet av gjeldsforhandlingane er mellom anna at aksjane i Div Group er pantsett, ifølgje Debeljak.
– Ingenting av gjelda er nedskrive og lånet løper dei neste 15 åra, sa han i si forklaring.
– Milliardær og nullskatteytar
Konkursbuet kunne fortelje ei anna side av økonomien til den kroatiske forretningsmannen i retten torsdag.
Advokat Morten Valen Eide viste til at Div Group hadde levert eit konsernrekneskap for 2023 som viste netto verdiar for nær tre milliardar – som Debeljak eig halvparten av.
– Vi har tidlegare fått dokumentert at Debeljak hadde låge inntekter, men i realiteten har vi å gjere med ein milliardær og nullskatteytar, sa advokaten.
Takka for «positiv omtale»
Då Debeljak blei spurt om tala, takka han for «positiv omtale» av økonomien i Div Group.
– Men dessverre er ikkje situasjonen slik. Det viktigaste er korleis banken ser på verdien av eit selskap, sa han og anslo at den reelle verdien berre var på 10 til 30 prosent av dei bokførte tala.
Under kroaten si forklaring ga han uttrykk for at alt faren og han hadde skapt gjennom fleire tiår var tapt grunna Ukraina-krisa.
– Ja, det er eit veldig krav
Tidlegare torsdag forklara bustyrar Bjørn Åge Hamre seg om grunnlaget for kravet. Han fortalde at buet vurderte Deblejak å vere ein solid aktør.
– Ja, det er eit veldig krav, men det er også ein person som etter vår oppfatning vil kunne handtere det, la Hamre til.
Opphavleg var kravet mot kroaten på 193 millionar kroner, men er seinare justert ned til drygt 135 millionar.
Publisert: 17.01.2025 05:00
Sist oppdatert: 17.01.2025 18:14