IMG 9989 rebait foto Ogne
FEM PRISAR: Ingen sanka fleire prisar på fylkesmesterskapet enn dei fem elevane bak selskapet Rebait frå Ålesund Videregående skole. Den gjevaste prisen er Året Ungdomsbedrift. Frå venstre Anna-Linn Rødseth, Hana Slinning, Natalie Sandvik, Johanne Eldøy og Sofie Bjerkevoll. Foto: Ogne Øyehaug.
Nytt

Til NM med fiskesluk

Rebait frå Ålesund er Årets Ungdomsbedrift i Møre og Romsdal. Sjekk alle vinnarane.

11.03.2026

Ungdomsbedrifta ReBait frå Ålesund videregående skole har utvikla den første prototypen av ein fiskesluk, der slukskeia er basert på kverna og samanpressa fiskemjøl.

Bak bedrifta står Anna-Linn Rødseth, Johanne Eldøy, Natalie Sandvik, Hana Slinning, Sofie Bjerkevoll. Som Årets Ungdomsbedrift i Møre og Romnsdal skal dei også delta i NM for ungdomsbedrifter i vår. 

  • Sjå alle vinnarane under

Ideen er først og fremst retta mot sports- og hobbyfiskarar. Med ReBait sin fiskesluk treng dei ikkje lenger å ha dårleg samvet for å etterlate seg metall som forureining, dersom sluken skulle sette seg fast i botnen. 

Rebait sin sluk skal etterkvart løyse seg opp i vatnet.

Prisdryss
I tillegg til å bli kåra til Årets Ungdomsbedrift, vann Rebait Innovasjonsprisen og Bærekraftprisen.

Standen til bedrifta vart kåra til den nest beste under arrangementet, og bedrifta vart rangert som den tredje beste i kategorien Beste Team.

Nyt Smak foto Ogne
NÅDD SKATTETAKET: Nyt&Smak frå Rauma vidaregånde skole er eit cateringfirma som leverer til lokale bedrifter, og private. Så langt har selskapet nesten nådd taket for skattefri omsetning for ei ungdomsbedrift, 140.000 kroner. I april skal David Tufte, Vårin Remen Næss og Signe Vonheim Hansen representere Møre og Romsdal i NM for ungdomsbedrifter, saman med tre andre som fekk NM-billett under Fylkesmeisterskapen for ungdomsbedrifter i dag. Foto: Ogne Øyehaug

52 bedrifter
Ungt Entreprenøskap er ein organisasjon som arbeider for å stimulere til innovasjon og gründerskap i skulen, både i ungdomsskulen, i vidaregåande skule og på universitet og høgskular

Onsdagens arrangement er retta mot elevane på vidaregåande skular.

52 elevbedrifter ved dei fleste vidaregåande skulane i Møre og Romsdal var med i konkurransen i ei rekkje kategoriar.

  • Sjå alle vinnarane under
Fylkesmesterskap for ungdomsbedrifter 
i Møre og Romsdal
   
    
KategoriSelskap, vgs skule  
 1. plass2.plass3.plass
    
Beste ungdomsbedriftReBait UB, Ålesund VGS *Vasva Automation UB, Molde VGS *Bevisst UB; Spjelkavik VGS
InnovasjonsprisenReBait UB, Ålesund VGS *Flåo UB, Molde VGS *KickSense UB, Romsdal VGS
Beste samarbeid med næringslivetCharity Movement UB, Molde VGSSkap UB, Molde VGSStick-Buddy  UB, Spjelkavik VGS
Markeds- og kommunikasjonsprisenNórdico Web UB, Spjelkavik VGSBevisst UB, Spjelkavik VGSBaksthjørnet UB, Ålesund VGS
Beste standopplevelseFlåo UB, Molde VGS *ReBait UB, Ålesund VGS *Møbelvinn UB, Borgund VGS
Beste yrkesfaglige bedrift*Nyt & Smak UB, Rauma VGS *Goalytix UB, Romsdal VGSNova UB, Ålesund VGS
Beste økonomistyringHjemmeseier UB, Molde VGSMin Mestering UB; Molde VGSsTilpass UB, Molde VGS
BærekraftprisenReBait UB, Ålesund VGS *Normar UB, Ålesund VGSNova UB, Ålesund VGS
Best teamMin Mestring UB, Molde VGSCharity Movement UB, Molde VGSRebait UB, Ålesund VGS *
Størst verdiskapingspotensialSevannsor UB, Spjelkavik VGSFlåo UB, Molde VGS *Charity Movement UB, Molde VGS
Beste salsbedriftNyt&Smak UB, Rauma VGS *Sunndal Bygg- og anlegg UB, Sunndal VGS 
Beste prototypeSeavannsor UB; Spjelkavik UB  
*Får delta i den nasjonale finalen i vår   

Publisert: 11.03.2026 16:02

Sist oppdatert: 11.03.2026 21:07

Mer om