- Her har vore stor interesse, og vi har berre fått positive tilbakemeldingar.
- Faktisk er også dei som kan vere konkurrentar av oss glade for at det kjem ein ny aktør på bana.
Det seier prosjekt- og utviklingssjef Alexander Furø i Herøy-selskapet PSE Energy Solutions.
- Med vår løysing brukar ein sjøen som energikilde og kan kjøle ned alle komponentar på eit skip samstundes som ein varmar opp fartøyet, seier Furø.
Ronny Frøystad seier at utviklinga har tatt eit par år, i starten med god støtte frå Innovasjon Norge.
- Ved å lukkast med satsinga, vil det også gi meir arbeid til Pipe Systems Engineering, som held til i dei tidlegare lokala til Longa Mek. Verksted.
- Tanken er at systemet skal produserast Gursken, seier Frøystad.
- Anlegget kan brukast på alle typar fartøy, men kanskje aller best på skip som er heilelektriske eller hybride, seier Frøystad.
Han viser til at det trengst store mengder energi for å avkjøle batteria. Ettersom dei tradisjonelle diselemotorane også forsvinn, vert det også mindre tilgang til energi til oppvarming.
- Her kjem vi inn, og kan løyse begge utfordringane i eitt system.
Kjøleenergien er miljøvenleg og CO2-basert, og systemet er også utvikla for å varme opp sanitærvatn og generere varme til ei rekkje andre varmeforbrukarar.
Så langt har ikkje selskapet inngått noko kontrakt.
- Nei, fokuset har hittil vore å utvikle og teste prototypen.
- No var det på tide å informere marknaden om at vi finst og at vi har eit interessant produkt, og då reknar vi med at vi snart også kan installere systemet på det første skipet, seier Frøystad.
- Faktisk er også dei som kan vere konkurrentar av oss glade for at det kjem ein ny aktør på bana.
Det seier prosjekt- og utviklingssjef Alexander Furø i Herøy-selskapet PSE Energy Solutions.
Avkjøling og oppvarming
I den store messehallen på Lillestrøm har Furø og dagleg leiar Ronny Frøystad med seg prototypen av ein eigenutvikla kombinert varmepumpe og kjøleaggregat.- Med vår løysing brukar ein sjøen som energikilde og kan kjøle ned alle komponentar på eit skip samstundes som ein varmar opp fartøyet, seier Furø.
Ronny Frøystad seier at utviklinga har tatt eit par år, i starten med god støtte frå Innovasjon Norge.
Gursken-produksjon
Det heile starta med at aktørar i Sande-selskapet Pipe Systems Engineering starta å diskutere om det var muleg å kome opp med ei ny løysing for oppvarming og avkjøling av fartøy.- Ved å lukkast med satsinga, vil det også gi meir arbeid til Pipe Systems Engineering, som held til i dei tidlegare lokala til Longa Mek. Verksted.
- Tanken er at systemet skal produserast Gursken, seier Frøystad.
Alle typer skip
Heile systempakken veg 1350 kilo og er på 2 x 1 meter.- Anlegget kan brukast på alle typar fartøy, men kanskje aller best på skip som er heilelektriske eller hybride, seier Frøystad.
Han viser til at det trengst store mengder energi for å avkjøle batteria. Ettersom dei tradisjonelle diselemotorane også forsvinn, vert det også mindre tilgang til energi til oppvarming.
- Her kjem vi inn, og kan løyse begge utfordringane i eitt system.
CO2-basert kjøleenergi
Han opplyser at standardproduktet vil få ein varmekapasitet på 40 – 300 kW og ein kjølekapasitet på 30 – 210 kW. Tilført effekt vil vere 1/4 av avgitt effekt, noko som vil spare energiforbruket betrakteleg dermed spare miljøet.Kjøleenergien er miljøvenleg og CO2-basert, og systemet er også utvikla for å varme opp sanitærvatn og generere varme til ei rekkje andre varmeforbrukarar.
Så langt har ikkje selskapet inngått noko kontrakt.
- Nei, fokuset har hittil vore å utvikle og teste prototypen.
- No var det på tide å informere marknaden om at vi finst og at vi har eit interessant produkt, og då reknar vi med at vi snart også kan installere systemet på det første skipet, seier Frøystad.
Publisert: 06.06.2019 12:48
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35