DSC05861 1
PRIS: Dagleg leiar Ida Wiik Olsen tok mot prisen - 5000 kroner frå Sunnmøre Kulturnæringshage - for beste studentbedrift i Volda på vegne av Kunstkontaineren Studentbedrift i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Til topps med kunstkontainer

Studentbedrift i Volda med flyttbart galleri.

25.04.2023

Ein kontainer innreidd som galleri, som kan settast på lastebil og flyttast dit utstillinga skal vere førte Kunstkontaineren Studentbedrift til topps i den interne konkurransen for studentbedrifter ved Høgskolen i Volda.

Målet er mellom anna både å nå publikum på nye plassar og vere eit tilbod til meir ukjende kunstnarar.

Daglig leiar Ida Wiik Olsen, og hennar partnarar Andreas Røssevold, Ola G. Snippen, Elise B. Aasen og Konstantin Delibashev har både ein kontainer, ein kunstnar (Robert Steinnes) og ein plan for å skape blest og utstillinga på handa dersom dei vel å sette ideen bak studentbedrifta ut i livet. Det var med på å løfte studentbedrifta til topps.

Halvårsprosjekt
Studentbedrift har vore ein del av tilbodet ved Høgskulen i Volda i mange år, men studentbedriftene i Volda har berre vore med i fylkesmeisterskapen for studentbedrifter ein gang.

Studentbedrift-aktiviteten i Volda er lagt til vårsemesteret medan til dømes studentane ved NTNU i Ålesund sine studentbedrift-prosjekt går over to semester. Når fylkesmeisterskapen for studentbedrifter blir arrangerer på vårparten kjem det for tidleg i høve til opplegget i Volda, ifølgje førstelektor i design, kunst og handverk , Janne Heggvoll. Ho er primus motor for studentbedrift-tilbodet i Volda, eit tilbod som er ope for studentar ved alle studia ved høgskulen.

70 bedrifter
Sunnmøre Kulturnæringshage i Volda, som er eigd av Tussa IKT AS, Ulstein Group ASA, Sparebank1 Søre Sunnmøre, Volda kommune og statsforetaket Siva, har eit tett samarbeid med Høgskulen i Volda.

Poenget med næringshagen er å hjelpe fram bedrifter i såkalla kreative yrke - til dømes innan film, kultur og media - og næringshagen har per i dag omlag 70 bedrifter som får råd og rettleiing frå næringshagen.

Publisert: 25.04.2023 14:04

Sist oppdatert: 25.04.2023 14:05