Tilbake fraa pionertokt etter verdifulle mineral
KJERNEBORING: Utstyr om bord på Island Valiant har vore nytta til å ta kjerneprøver på mineraltokt i Norskehavet dei siste vekene. No skal prøvene analyserast. 
Nytt

Tilbake frå pionertokt etter verdifulle mineral

– Viser kva denne industrien er i stand til, seier leitedirektør i Oljedirektoratet etter å ha nytta teknologi frå Island Offshore i jakta på eit nytt offshoreeventyr.

Marius Rosbach
09.10.2020

Offshoreskipet Island Valiant er no tilbake etter eit fem veker langt tokt i Norskehavet der skipet har bora etter kjerneprøver på oppdrag frå Oljedirektoratet (OD) og operatøren TIOS.

Dette er fyrste gong det er bora på havdjup over 3000 meter med kveilerør, og første gongen teknologien er nytta i mineraljakt på havbotnen.

– Dette er eit pionertokt, seier leitedirektør Torgeir Stordal til Oljedirektoratet i ei pressemelding frå reiarlaget Island Offshore.

Vellukka meiner leitedirektør
Målet er å finne verdifulle mineralførekomstar, og det blei gjort fleire funn av sulfidforekomstar som ikkje var kjent frå før. I desse førekomstane finst det metall og mineral som kan vere viktige for mellom anna batteriteknologi, vindturbinar og mobiltelefonar.

nettnohalf

Stordal fortel at dei var usikre på om metoden ville fungere, men meiner toktet var vellukka.

– Vi har nytta kompetanse som norsk industri har opparbeida seg etter 50-års erfaring frå petroleumsbransjen, og dette prosjektet viser kva denne industrien er i stand til. Norsk teknologi og kompetanse baner med dette veg, og viser at dei er leiande innan utforsking av havbotnsmineralar, legg Stordal til.

Har funne store mineralførekomstar
Toktet gjekk føre seg ved Mohnsrygg, ein vulkansk midthavsrygg som skil to jordskorpeplater, og bassenget i Norskehavet frå Grønlandshavet i nord.

Kartleggingar har påvist at det er mykje mineralførekomstar på havbotnen i området, og norske styresmakter har store forventingar til korleis dette kan utnyttast.

Tidlegare prøver er gjort ved å plukke steinprøver frå havbotnen. Denne gongen har dei både bora etter kjerneprøver og i tillegg har forskarane vore i stand til å plukke med seg interessante ting på havbotnen ved hjelp av fjernstyrte undervassfarkostar, sokalla ROV-ar.

Skal ha sett fleire verdsrekordar
Dette er første gong metoden med kveilerør er nytta på sopass store djupner, og det skal vere sett fleire verdsrekordar i løpet av oppdraget.

– Det er i det heile utført lite boring på slike havdjup, og det har til no vore store boreriggar som har kunna utføre slike operasjonar. At vi skulle få dette til frå eit vesentleg mindre fartøy må seiast å vere unikt, seier prosjektleiar Per Buset i TIOS i pressemeldinga.

Tidlegare har reiarlaget nytta teknologien i to tidlegare prosjekt . Fyrst ved boring av kjerneprøver for Statens Vegvesen i samband med utbygginga av fastlandssambandet Rogfast i Rogaland, og deretter for Centrica Energy der kveilerør vart nytta til boring av pilothol for å avdekkje grunn gass før oppstart av produksjonsbrønn.

Stolt reiardirektør
No skal informasjonen analyserast vidare på land - både prøvene frå havbotnen og kjerneprøvene som viser kva som finst djupare nedover.

– Vi er stolte av å få tillit frå OD og håpar at dette kan bidra til starten på eit nytt norsk offshore eventyr, seier administrerande direktør i Island Offshore Management AS, Tommy Walaunet.

Til saman var kring 50 personar med på toktet frå Halliburton og Oceaneering og fleire geologar frå Oljedirektoratet, i tillegg til skipet sitt faste mannskap.

Dette er tredje gong Oljedirektoratet har utført eigne undersøkingar på djupt hav. Operatøren er samarbeidsselskapet TIOS, som er eigd av TechnipFMC og Island Offshore i fellesskap. Det er Olje og Energidepartementet som har gitt oppdraget til direktoratet, for å evaluere kva ressursar som finst på havbotnen.


Publisert: 09.10.2020 10:01

Sist oppdatert: 05.12.2023 22:58