NTB s Oim80j D Ms U
KREV FULL KOMPENSASJON: Det er ikkje bestemt når forhandlingane med bøndene startar. Bondeorganisasjonane krev full kompensasjon, totalt 754 millionar kroner, for auka prisar på handelsgjødsel og bygningsmateriale. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Nytt

Tilbodet til bøndene dryger: – Ballen er hos forhandlingsleiaren i staten

Regjeringa kjem ikkje til å leggje fram eit tilbod i tilleggsforhandlingane med bøndene før etter valet. Men når forhandlingane startar, er ikkje bestemt.

13.09.2021

NPK-NTB: Bondeorganisasjonane krev full kompensasjon, totalt 754 millionar kroner, for auka prisar på handelsgjødsel og bygningsmateriale.

Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Norges Bondelag leverte førre veke kravet sitt i tilleggsforhandlingane i jordbruksoppgjeret, som blir gjennomførte fordi kostnadsveksten for enkelte varer har vore langt større enn det som vart lagt til grunn i jordbruksoppgjeret.

Ventar på forhandlingsstart
Når forhandlingane skal finnar stad, er førebels ikkje kjent, skriv Nationen.

– Ballen ligg hos forhandlingsleiaren i staten. Vi ventar på tilbakemelding derifrå, seier leiar Bjørn Gimming i Norges Bondelag.

Ifølgje Småbrukarlaget har dei fått tilbakemelding om at staten vil leggje fram eit tilbod denne veka,

– Men utover det er vidare framdrift i det blå, seier Kjersti Hoff i Småbrukarlaget.

Landbruks- og matdepartementet (LMD) opplyser til avisa at saka framleis er i prosess, og at det ikkje er sett av dato for framlegging.


Publisert: 13.09.2021 13:54

Sist oppdatert: 13.09.2021 14:42