Orsta Meieri innfelt per are sorheim foto Tine
IKKJE GITT OPP HÅPET: Ordførar Per Are Sørheim i Ørsta har ikkje gitt opp håpet om framleis Tine-verksemd i bygda i framtida. Han meiner det kan bli vanskeleg å finne rett kompetanse til mjukostproduksjon andre plassar. Foto: Tine/Marta Lystad Johansen
Nytt

Tine vil legge ned to anlegg: – Ein svært alvorleg situasjon

Kring 70 tilsette kan stå utan arbeid. Ørsta-ordføraren har ikkje gitt opp håpet.

Marius Rosbach
30.01.2025

Torsdag kom nyheita om at Tine vil legge ned anlegga sine i Ørsta og Tresfjord i løpet av ei periode på tre til sju år. 

Fleire enn 50 vil stå utan arbeid om Tine legg ned all verksemda i Ørsta. I Tresfjord er det 16 tilsette ifølgje Tine.  

Ordførar Per Are Sørheim i Ørsta legg ikkje skjul på at det er ei dramatisk avgjerd. 

– Det er heilt klart ein svært alvorleg situasjon. Eg har bedt om eit møte slik at vi får ein vidare dialog, seier han til Nett No. 

Ordførarne legg til at førespurnaden blei positivt motteke av Tine. 

– Kompetansen er ikkje så lett å flytte
Sørheim har ikkje heilt gitt opp håpet om at Tine framleis kan ha aktivitet i sunnmørsbygda i framtida. 

Ved Ørsta-ysteriet blir det mellom anna laga Edamerost, den kvite geitosten Kvitlin og fleire typar kvit smøreost – som Snøfrisk.

– Vi veit det er sterk konkurranse på kvitostproduksjon, fordi der er store volum. Men mjukostproduksjonen er unik for Ørsta, og den kompetansen er ikkje så lett å flytte, seier Sørheim vidare. 

Vil legge til rette
Ordføraren fortel at meldinga ikkje kom som lyn frå klar himmel. Kommunestyret har allereie sendt eit eit notat om kvifor dei meiner meieriet i Ørsta bør bestå - og vil legge til rette for at verksemda held fram.

Sørheim meiner samtidig det vil vere andre bedrifter i lokalmiljøet som kan ha behov for dei tilsette. 

Dei drygt 50 tilsette på Ørsta-anlegget høyrer i hovudsak til tre fagområde; kompetanse på industriproduksjon, maskin og elektrokunnskap og dei som jobbar med produktutvikling og kvalitetskontroll.

Vil satse på Byrkjelo og Verdal i staden
Årsaka til nedlegginga av Tine-anlegga på Nordvestlandet er overkapasitet i produksjonen av kvitost, opplyser det bondeeigde selskapet. 

Også framtida til meieriet i Elnesvågen skal vurderast.

I staden vil Tine satse 1,5 milliardar på ysteriet i Verdal og nesten 700 millionar på ysteriet i Byrkjelo. 

Publisert: 30.01.2025 12:18

Sist oppdatert: 30.01.2025 12:18

Mer om