(NPK-NTB-Marius Helge Larsen): Anslaga til regjeringa for økonomien er dystre og usikre. Dermed blir òg rådet frå ekspertane tvitydige: Dette er både tida for å bruke pengar og spare pengar.
– Dei som ikkje er rørt av denne krisa økonomisk, må byrje å bruke pengar igjen for å redde arbeidsplassar, seier forbrukarøkonom Cecilie Tvetenstrand i Danske Bank til NTB.
Men dette er ikkje hennar einaste beskjed:
– No er det òg ekstra viktig å byggje ein buffer og få oversikt over økonomien, sånn at ein er på trygg grunn og veit at ein kan takle uventa endringar, seier ho.
Tysdag la regjeringa fram eit revidert nasjonalbudsjett med hundrevis av krisemilliardar for å stimulere norsk økonomi. Likevel er spådommane dystre, og det blir venta ei djup og langvarig krise.
– Folk er jo i veldig ulike situasjonar. Nokon er permitterte og kan miste jobben. Dei vil nok vere forsiktige. Så har ein dei som har jobb, inntekt og rom i økonomien. Dei kan gjerne bruke pengar så lenge dei klarer å betale faste utgifter og gjerne ha ein buffer, seier forbrukarøkonom Derya Incedursun i Nordea til NTB.
– Det positive er at det blir sett inn mange støyt for å hjelpe bedrifter og få permitterte raskt tilbake i jobb. Samtidig blir det spådd eit avgrensa lønnsoppgjer, og folk vil nok oppleve at varer og tenester blir dyrare på grunn av den svake krona, seier Tvetenstrand.
Tidlegare i månaden sette Noregs Bank ned styringsrenta til rekordlåge 0 prosent.
– Dei som har høge bustadlån og har halde på jobben, kan få romslegare økonomi trass i eit labert lønnsoppgjer, men det er jo langt ifrå alle, seier Tvetenstrand.
Ho understrekar at uvissa er stor framover.
– Til dømes korleis den norske krona oppfører seg. Viss ho blir verande svak, vil varer og tenester bli mykje dyrare enn elles, nettopp fordi så mykje blir importert, seier forbrukarøkonomen.
– Før korona var lønnsveksten anslått til 3,6 prosent i år, men det kan vi no berre gløyme. I staden blir det venta at han blir på 1,5 prosent, seier Incedursun.
Ho påpeikar at det samtidig blir at forventa konsumprisindeksen, altså prisnivået, berre vil stige med 1 prosent.
– Dermed vil nordmenn få ein reallønnsvekst, og litt meir å rutte med, men han vil bli mykje lågare enn elles venta, seier ho.
Incedursun trur at krisa vil gjere at folk blir litt meir forsiktige.
– Dei som framleis har jobbane i behald, er kanskje redde for å miste dei, og vel å spare. I tillegg har vi jo hatt nesten to månader med stans i samfunnet, og forbruket har falle kraftig, seier ho.
– Ikkje heile Noreg er permittert eller arbeidsledige, og det er veldig fint om dei som har rom for det, kan bruke pengar. Det er kanskje òg bra å bruke dei her heime i Noreg og støtte opp om lokalt næringsliv, heller enn å bestille varer frå utlandet, seier Incedursun.
Og har du pengar til overs etterpå, er det kanskje lurt å vurdere kva du skal gjere med dei. Dei rekordlåge rentene gjer det nemleg mindre gunstig å la dei stå på sparekonto.
– Du taper kjøpekraft viss du beheld dei på konto. Viss du allereie har ein buffer på plass og mykje pengar du ikkje tenkjer å bruke på ei stund, så kan det kanskje lønne seg å investere dei i noko, seier Tvetenstrand.
(©NPK)
Låg norsk kroneverdi kan bidra til dyrare varer i butikkane. Foto: Berit Roald / NTB scanpix/ NPK
– Dei som ikkje er rørt av denne krisa økonomisk, må byrje å bruke pengar igjen for å redde arbeidsplassar, seier forbrukarøkonom Cecilie Tvetenstrand i Danske Bank til NTB.
Men dette er ikkje hennar einaste beskjed:
– No er det òg ekstra viktig å byggje ein buffer og få oversikt over økonomien, sånn at ein er på trygg grunn og veit at ein kan takle uventa endringar, seier ho.
Tysdag la regjeringa fram eit revidert nasjonalbudsjett med hundrevis av krisemilliardar for å stimulere norsk økonomi. Likevel er spådommane dystre, og det blir venta ei djup og langvarig krise.
– Folk er jo i veldig ulike situasjonar. Nokon er permitterte og kan miste jobben. Dei vil nok vere forsiktige. Så har ein dei som har jobb, inntekt og rom i økonomien. Dei kan gjerne bruke pengar så lenge dei klarer å betale faste utgifter og gjerne ha ein buffer, seier forbrukarøkonom Derya Incedursun i Nordea til NTB.
Usikkert
I det reviderte budsjettet gjer regjeringa få endringar i skattar og avgifter som verkar direkte inn på lommeboka. I staden går dei største tiltaka først og fremst på å avgrense krisesituasjonen.– Det positive er at det blir sett inn mange støyt for å hjelpe bedrifter og få permitterte raskt tilbake i jobb. Samtidig blir det spådd eit avgrensa lønnsoppgjer, og folk vil nok oppleve at varer og tenester blir dyrare på grunn av den svake krona, seier Tvetenstrand.
Tidlegare i månaden sette Noregs Bank ned styringsrenta til rekordlåge 0 prosent.
– Dei som har høge bustadlån og har halde på jobben, kan få romslegare økonomi trass i eit labert lønnsoppgjer, men det er jo langt ifrå alle, seier Tvetenstrand.
Ho understrekar at uvissa er stor framover.
– Til dømes korleis den norske krona oppfører seg. Viss ho blir verande svak, vil varer og tenester bli mykje dyrare enn elles, nettopp fordi så mykje blir importert, seier forbrukarøkonomen.
Lågare lønnsvekst
I budsjettet på tysdag justerte regjeringa òg ned forventninga til lønnsveksten til nordmenn.– Før korona var lønnsveksten anslått til 3,6 prosent i år, men det kan vi no berre gløyme. I staden blir det venta at han blir på 1,5 prosent, seier Incedursun.
Ho påpeikar at det samtidig blir at forventa konsumprisindeksen, altså prisnivået, berre vil stige med 1 prosent.
– Dermed vil nordmenn få ein reallønnsvekst, og litt meir å rutte med, men han vil bli mykje lågare enn elles venta, seier ho.
Incedursun trur at krisa vil gjere at folk blir litt meir forsiktige.
– Dei som framleis har jobbane i behald, er kanskje redde for å miste dei, og vel å spare. I tillegg har vi jo hatt nesten to månader med stans i samfunnet, og forbruket har falle kraftig, seier ho.
Investere?
Regjeringa anslår at fallet i privat forbruk blir på 8,5 prosent i år, noko som kan få store konsekvensar for ei rekkje bedrifter i sal- og servicenæringa.– Ikkje heile Noreg er permittert eller arbeidsledige, og det er veldig fint om dei som har rom for det, kan bruke pengar. Det er kanskje òg bra å bruke dei her heime i Noreg og støtte opp om lokalt næringsliv, heller enn å bestille varer frå utlandet, seier Incedursun.
Og har du pengar til overs etterpå, er det kanskje lurt å vurdere kva du skal gjere med dei. Dei rekordlåge rentene gjer det nemleg mindre gunstig å la dei stå på sparekonto.
– Du taper kjøpekraft viss du beheld dei på konto. Viss du allereie har ein buffer på plass og mykje pengar du ikkje tenkjer å bruke på ei stund, så kan det kanskje lønne seg å investere dei i noko, seier Tvetenstrand.
(©NPK)
Låg norsk kroneverdi kan bidra til dyrare varer i butikkane. Foto: Berit Roald / NTB scanpix/ NPK
No er det òg ekstra viktig å byggje ein buffer og få oversikt over økonomien
Publisert: 13.05.2020 10:06
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57