Far Scotsman foto solstad offshore 11
LANGSTEN-BYGD: PSV-en Far Scotsman var del av ein serie skip som dåverande Farstad Shipping tinga i 2010. To år seinare blei skipet levert frå STX-verftet i Langsten. Foto: Solstad Offshore
Nytt

To langtidskontraktar i Brasil

Solstad mellom reiarlaga som har sikra meir arbeid for sjøfolka, men ratene går ned.

Marius Rosbach
06.12.2021

Solstad Offshore er tildelt to langtidskontraktar med Equinor i Brasil.

Reiarlaget sine PSV-ar Far Scotsman og Sea Brasil har begge fått oppdrag som varer i to år. Sistnemnte har opsjon på to nye år, medan Far Scotsman har opsjon på eitt år. Begge skipa skal operere for Equinor i Brasil.

Scotsman startar oppdraget til sommaren, medan Sea Brasil skal ut i arbeid frå desember, ifølgje børsmeldinga måndag.

Fleire sikra arbeid
Før helga melde Ålesund-reiarlaget Golden Energy Offshore at dei var sikra arbeid for PSV-en Energy Duchess fram til mars neste år.

I helga sikra fleire reiarlag seg nye oppdrag i spotmarknaden, mellom anna fekk Island Offshore dag-til-dag-oppdrag for Island Chieftain.

Pilane går nedover

Etter ei periode med rater godt over nivået frå fjoråret, har betalinga til reiarlaga gått nedover dei siste vekene.

Gjennomsnittsraten i oktober var på 12.043 britiske pund, og i november på 12.265 britiske pund, men pilane går no nedover (sjå illustrasjon under).

Ifølgje Westshore er det no ti ledige ankerhandterarar i spotmarknaden, fordelt på seks i Norge og fire i Storbritannia. I tillegg er det ni ledige PSV-ar; fem i Norge, fire i Storbritannia.

Illustrasjon rater westshore desember 2021
Illustrasjon: Westshore Shipbrokers

Publisert: 06.12.2021 11:18

Sist oppdatert: 06.12.2021 11:47

Mer om