Sikra arbeid heile vinteren
Golden Energy er økonomisk pressa, men melder om ny kontrakt.
Skipet Energy Duchess er sikra oppdrag for ein ikkje namngitt internasjonal kunde, opplyser Golden Energy Offshore Services i ei melding.
Skipet vil gå på fast kontrakt til mars 2022.
Reiarlaget seier seg svært nøgd med å ha sikra full utnytting av skipet. Energy Duchess vil bli sett inn att i Nordsjø-marknaden etter oppdraget er ferdig, melder reiarlaget.
I dialog med kreditorar
Ålesund-reiarlaget har også skipa Energy Scout, Energy Swan og Energy Empress.
Selskapet melde i oktober at dei hadde behov for hjelp frå kreditorane for å styrke seg finansielt, og at dei var i dialog med kreditorane.
Tre av fire skip var då tilbake i arbeid, men PSV-en Energy Scout var til sals.
Les også
Nedgang på børs
Ifølgje rapporten for 2. kvartal, var første halvår ekstremt krevjande, men dei opplevde betring i slutten av halvåret.
Børsverdien til aksjen fekk en liten opptur i førre veke, men den siste månaden har verdien falle med kring ti prosent.
Så langt i år har børsverdien på selskapet skrumpa inn med nær ein tredel og reiarlaget er måndag prisa til drygt 32 millionar kroner.
Solstad-jobb i Brasil
Måndag melde Solstad Offshore at dei hadde sikra to toårskontraktar til PSV-ane Far Scotsman og Sea Brasil.
Etter ei periode med rater godt over nivået frå fjoråret, har betalinga til reiarlaga gått nedover dei siste vekene.
Publisert: 06.12.2021 08:41
Sist oppdatert: 06.12.2021 11:39