Det strammar seg til i Nordsjøen
Ratehopp for PSV-ar i Nordsjøen etter at marknaden har hardna til. Og nyaste Island Offshore-skipet har fått sitt første oppdrag.
Dei siste vekene har det vore tilfelle der oljeselskapa har måtta leige inn ankerhandterarar til forsyningsoppdrag, fordi det ikkje har vore ledige PSV-ar i marknaden.
Det skriv Seabrokers i den siste utgåva av månadsmagasinet Seabreeze.
Ratene har samstundes auka, ettersom ein no nærmar seg toppen for årets boresesong.
Ifølgje skipsmeklaren Westshore er det no berre ein ledig PSV i norsk sektor. Det er Edda Ferd. I Aberdeen ligg det ytterlegare fem PSV-ar som ventar på oppdrag.
Frå dåp til arbeid
Av dei siste som har fått spotoppdrag er nyleg døypte Island Discoverer for Island Offshore. Dette skipet skal no i arbeid for GAC Norway.
Også Remøy Shipping har hanka inn fleire kontraktar i det siste. Hermit Galaxy og Hermit Horizon har avslutta kontraktane med Chrysaor Norway, men fått nye kontraktar frå august med Ineos E&P Norge der fartøya skal støtte Borgland Dolphin under boring av Fat Canyon-feltet.
I tillegg skal Hermit Fighter bistå Stena Don under boring av Evelyn EV1-feltet for Talwind Energy på britisk side av Nordsjøen.
Også Havila Shipping har sikra tre nye månader med arbeid for Total Denmark for fartøya Havila Herøy og Havila Fanø. Dei to fartøya har vore i arbeid for Total (og Maersk Oil) frå dei vart leverte i 2009-2010. Begge skipa er no sikra arbeid til september.
Litt ned i juni
Seabreeze skriv at i slutten av mai låg spotratene mellom 145.000 og 175.000 kroner i norsk sektor, og mellom 11.750 og 18.000 britiske pund i britisk sektor.
Men i starten av juni har ratene på nytt gått ned ettersom det ikkje er så mange oppdrag.
Seabreeze er spent på kor lenge dei relativt gode spotratene vil vare ved, og slår fast at dette er ei mulegheit for reiarlaga å få opp ratene, samstundes som at oljeselskapa har redusert eksponeringa mot spotmarknaden.
Dei siste spotratene som Westshore opplyser om, er 10.000 britiske pund for Island Champion og 13.000 britiske pund for Troms Capella.
E10/S2 Stig Remøy og Rolf Fiskerstrand om GIEK / Eksportkreditt Norge og framtida til norsk eksport
Publisert: 08.06.2021 05:57
Sist oppdatert: 08.06.2021 00:34