Brunvoll Mokster 2vessels Upgrade 2500px 1
EI OPPDRAG BLEI TIL TO NYE: Brunvoll skal montere sine styringssystem på brua til to nye skip i Simon Møkster Shipping-flåten.Illustrasjon: Brunvoll
Nytt

To nye Møkster-oppdrag til Brunvoll

Skal oppgradere to fartøy.

14.03.2024

Det er eksisterande system for dynamisk posisjonering, system for framdrift og manøvrering og joystick-systemet som skal skiftast ut og erstattast med Brunvoll sine brusystem, BruCon DP2, BruCon PTC og BruCon JS.

Utskifting skal gjerast på forsyningskipa Stril Mermaid og Stril Mariner. Storleiken på kontrakten er ikkje opplyst.

Tidlegare i år gjorde Brunvoll ein liknande jobb på Stril Mar, som også er eit fartøy i Simon Møkster Shipping-flåten.

Kraftig vekst
2023 blei eit godt år med veksande oppdragsmengde for Brunvoll-konsernet.

Både Brunvoll i Volda og i Molde søkt etter folk og auka bemanninga i løpet av hausten i fjor.

Våren 2023 kunne konsernsjef Kåre Øyvind Vassdal opplyse at selskapet venta vekst etter eit 2022 med laber nybyggingsaktivitet.

Det fekk han rett i. I fjor 2023 blei driftsinntekta rundt 1,5 milliardar kroner, ifølge ei pressemelding konsernet sende ut i februar.

Det er ny rekord for det maritime utstyrskonsernet og omlag 360 millionar kroner meir enn i 2022

Den tidligare omsetningsrekorden er frå 2019, på 1,4 milliardar.

Publisert: 14.03.2024 09:12

Sist oppdatert: 14.03.2024 09:12

Mer om