Nytt
To års frist for varmebehandling mot lakselus
Innan to år må oppdrettarane fase ut bruken av avlusing med varmt vatn om ikkje ny kunnskap dokumenterer at metoden kan nyttast på ein velferdsmessig forsvarleg måte.
21.08.2019
I vår sende Mattilsynet ut ei melding om at laksen reagerte på varmtvassbehandlinga på ein måte som tyder på at den hadde smerter.
Mattilsynet og oppdrettsbransjen hadde eit møte rett etter påske i år, og diskusjonen om bruken av varmtvassbehandling mot lakselus har halde fram sidan.
No har Mattilsynet gitt oppdrettsbransjen to år på å omstille seg til andre metodar. I mellomtida kan bruken av varmvassanlegga halde fram.
- Inntil vidare ser vi at det kan vere nødvendig å bruke det, seier Elisabeth Wilman om varmtvass-behandlingsmetoden. Wilmann er direktør for avdeling fisk og sjømat i Mattilsynet.
- Oppdrettarane har veldig få verkty i verktykassa, seier Vilmann.
Varmvassbehandling inneber at oppdrettsfisken blir overført til eit vassbad som vanlegvis held mellom 28 og 34 grader. Fisken blir liggande i dette vassbadet i rundt 30 sekund.
Anlegga blir monterte på flåtar, brønnbåtar og arbeidsbåtar og bruken av anlegga er ei viktig årsak til at oppdrettsnæringa har fått ned bruken av kjemikaliar mot lakselus.
I første omgang er målet å gjennomføre forsøk i liten skala. I andre omgang er målet å etablere eit konsortium av aktørar i oppdrettsbransjen for å få gjennomført ein større og omfattande studie, som kan gi den dokumentasjonen Mattilsynet etterlyser.
Blant aktørane Bleie har på blokka er Brønnbåtforeningen, Kystrederiene, Sjømat Norge, Norsk Industri, Norske Sjømatbedrifters Landsforening, Rostein og utstyrsleverandørane Optimar og Steinsvik. Poenget med eit slikt konsortium er både å ha tyngde bak søknad om forskingstøtte, tilgang til data og eventuelt og finansiering. Bleie seier målet er å få Havforskingsinstituttet og forskingsinstitusjonen Nofima til å stå for sjølve forskinga.
Målet er gjennomføre forsøk der det blant anne berre er vasstemperaturen som endrar seg, måle effekten av ulike temperaturnivå, effekten av kor kjapt temperaturen blir endra og effekten av utforminga av utstyret fisken er i når den blir behandla.
Bleie seier også graden av eventuell smerte er eit tema. Er det til dømes snakk om mindre smerte som eventuelt sparer fisken for større plager som den vil få ved ei alternativ behandling?
Etterkvart som lakselus utvikla motstandsevne mot kjemikalia som blei brukt i lakselusmiddel auka næringa dosene og reintroduserte også hydrogenperoksidbehandling. Nye metodar, som varmvassbehandling, gjorde at kjemikaliebruken blei redusert.
Dei nye metodane reiser også spørsmål om fiskevelferd og miljøutfordringar. Det gjeld både varmtvassbehanding og spyling/børsting og bruken av ferskvassbad. Ferskvatn er naturens eige avlusingsmiddel og frykta er at omfattande bruk av ferskvassbad skal få lakselusa til å utvikle evna til å overleve i ferskvatn og dermed flytte lakselusproblema opp i elvane.
Varmtvassbehandling står øverst på Mattilsynet sitt liste, der det no er sett ein frist for å skaffe meir dokumentasjon om fiskevelferdseffektar.
Mattilsynet og oppdrettsbransjen hadde eit møte rett etter påske i år, og diskusjonen om bruken av varmtvassbehandling mot lakselus har halde fram sidan.
No har Mattilsynet gitt oppdrettsbransjen to år på å omstille seg til andre metodar. I mellomtida kan bruken av varmvassanlegga halde fram.
- Inntil vidare ser vi at det kan vere nødvendig å bruke det, seier Elisabeth Wilman om varmtvass-behandlingsmetoden. Wilmann er direktør for avdeling fisk og sjømat i Mattilsynet.
Manglar verkty
Ein av grunnane til at bruken av varmsvassbehandling kan halde fram er risikoen for at alternative måtar å behandle fisken mot lakselus ikkje er tilstrekklege, og at eit forbod mot varmtvassbehandling i sum kan vere verre for fiskevelferda.- Oppdrettarane har veldig få verkty i verktykassa, seier Vilmann.
Varmvassbehandling inneber at oppdrettsfisken blir overført til eit vassbad som vanlegvis held mellom 28 og 34 grader. Fisken blir liggande i dette vassbadet i rundt 30 sekund.
Anlegga blir monterte på flåtar, brønnbåtar og arbeidsbåtar og bruken av anlegga er ei viktig årsak til at oppdrettsnæringa har fått ned bruken av kjemikaliar mot lakselus.
Bransjeinititativ
Veterinær Hogne Bleie, som driv fiskehelsekonsulentselskapet Mallard, er engasjert av brønnbåtreiarlagert Rostein for å få gjennomført fleire forsøk på korleis oppdrettslaksen reagerer på varmebehandling, og om metoden er forsvarleg eller i strid med korleis fisk og dyr skal behandlast.I første omgang er målet å gjennomføre forsøk i liten skala. I andre omgang er målet å etablere eit konsortium av aktørar i oppdrettsbransjen for å få gjennomført ein større og omfattande studie, som kan gi den dokumentasjonen Mattilsynet etterlyser.
Blant aktørane Bleie har på blokka er Brønnbåtforeningen, Kystrederiene, Sjømat Norge, Norsk Industri, Norske Sjømatbedrifters Landsforening, Rostein og utstyrsleverandørane Optimar og Steinsvik. Poenget med eit slikt konsortium er både å ha tyngde bak søknad om forskingstøtte, tilgang til data og eventuelt og finansiering. Bleie seier målet er å få Havforskingsinstituttet og forskingsinstitusjonen Nofima til å stå for sjølve forskinga.
Reindyrke faktorar
Eitt av spørsmåla Bleie vil ha svar på er om det er andre faktorar enn varmt vatn som slo ut i dei forsøka Havforsking- og Veterinærinstiuttet alt har gjort for Mattilsynet.Målet er gjennomføre forsøk der det blant anne berre er vasstemperaturen som endrar seg, måle effekten av ulike temperaturnivå, effekten av kor kjapt temperaturen blir endra og effekten av utforminga av utstyret fisken er i når den blir behandla.
Bleie seier også graden av eventuell smerte er eit tema. Er det til dømes snakk om mindre smerte som eventuelt sparer fisken for større plager som den vil få ved ei alternativ behandling?
Øverst på lista
Lakselus er ein liten krepseart som lever som ein parasitt på laksen. Den gneg på skinnet og kan skape sår som gir sjukdom og i verste fall dødsfall hos fisken, i tillegg til å vere eit trugsmål mot vill fisk. Framveksten av oppdrettsnæringa har gitt lakselusa langt fleire vertar å snylte på næringa brukar store ressursar på å halde lusebestanden i sjakk. Lakselusproblemet er ein av grunnane til at styresmaktene langt på veg har sagt stopp for vekst i oppdrettsproduksjonen.Etterkvart som lakselus utvikla motstandsevne mot kjemikalia som blei brukt i lakselusmiddel auka næringa dosene og reintroduserte også hydrogenperoksidbehandling. Nye metodar, som varmvassbehandling, gjorde at kjemikaliebruken blei redusert.
Dei nye metodane reiser også spørsmål om fiskevelferd og miljøutfordringar. Det gjeld både varmtvassbehanding og spyling/børsting og bruken av ferskvassbad. Ferskvatn er naturens eige avlusingsmiddel og frykta er at omfattande bruk av ferskvassbad skal få lakselusa til å utvikle evna til å overleve i ferskvatn og dermed flytte lakselusproblema opp i elvane.
Varmtvassbehandling står øverst på Mattilsynet sitt liste, der det no er sett ein frist for å skaffe meir dokumentasjon om fiskevelferdseffektar.
Oppdrettarane har veldig få verkty i verktykassa
Publisert: 21.08.2019 15:28
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38