20230416 130239
SMÅSIL: I Skorpesundet mellom Skorpa og Nerlandsøya har småsilen, ein av fem tobisartar, kome ut av sanden, til stor glede for mange av fuglane på Runde. Foto. Kjetil Haanes
Nytt

Tobisen ventar med å kome ut av sanden

Tobisflåten ligg til lands og ventar på varmare sjøtemperatur, slutt på nordavinden og at havsilen skal kome ut av sanden.

25.04.2023

Årets tobisfiske har vore ope i over ei veke, men så langt er det smått med fangstar, opplyser Sildelaget. Årets kvote er på 60.000 tonn, men så langt er det berre tatt småfangstar. Måndag vart det innmeldt null fangst, og søndag to fangstar på totalt 103 tonn. Litt betre var det laurdag med fem fangstar, der Gollenes var best med 350 tonn, som er levert til Pelagia Egersund.

I tobisfamiien er det fem ulike silartar, og det er i hovudsak havsil som vert fiska på sandbankane i Nordsjøen, blant anna på Doggerbank.

Tobisen er nedgraven i sanden mesteparten av året, men kjem opp om våren og sommaren for å beite på dagtid. Tobisen vert fanga med botntrål med liten maskevidde, og er eit fiske der ein er avhengig av både rett temperatur og lys for å lukkast.

Ligg enno i sanden
Sildelaget opplyser at mesteparten av tobisen hittil er fanga på vestsida av Vestbanken. Det har også vore leiterunder på andre tradisjonelle tobisbankar utan hell. Det vert også meldt om lavare sjøtemperatur enn i fjor på same tid, så ein teori er at tobisen framleis ligg nedgravd i sanden. I fjor var beste tobisveke i dei første dagane i mai med knappe 23.000 tonn.

Hovuddelen av tobisflåten ligg no i hamn og avventar. I tillegg til lave sjøtemperaturar og beskjedne registreringar, er det i dei komande dagane meldt nordavind-kuling på felta. Nordavind er absolutt ikkje positivt for å samle tobisen, då raudåta ikkje samlar seg i den kalde nordavinden, skriv Sildelaget.

336054128 793276278883864 4529887078798015427 n
MÅLØY: Sunny Lady framme i Måløy med 2.700 tonn kolmule, fanga vest for Suderøy på Færøyane. Dette var tur nummer fire, og det vert endå ein tur. Foto: Teige Rederi

Kolmule for over ein milliard
Litt betre har det vore på kolmula med 18.500 tonn sist veke i journalen, fiska av 14 forskjellige båtar.

Hovuddelen av kvantumet er tatt i færøysk sone der det har vore stor aktivitet frå fleire lands båtar.

Av den norske kvoten på knappe 380.000 tonn, er det no fiska heile 337.500 tonn. Sildelaget skriv at dette er eit fantastisk kvantum der ein også ser auke i prisane på rundt 25 prosent samanlikna med fjoråret. Dette gir ein omsetningsverdi på over ein milliard kroner så langt i år. Ein må tilbake til rekordåret 2020 for å finne liknande tal. Då fiska norske fiskarar kolmule for 1,13 milliardar.

Av kolmuletrålarane er det berre fire båtar som har kvote igjen. Ein av dei siste fangstane er tatt av den nye Herøy-båten Sunny Lady, som har levert 2.700 tonn til Pelagia Måløy.

Publisert: 25.04.2023 05:00

Sist oppdatert: 25.04.2023 04:43

Mer om