Sanco Shipping and VARD Sanco
UNDER OMBYGGING: Det tidlegare PGS-fartøyet er no på plass hos Vard Langsten for ombygging til Sanco Shipping. Odd Henrik Iversen, verftsdirektør på Vard Langsten, styreleiar Ivar Slettevoll i Sanco Group AS og Wilhelm Eggesbø, ettermarknadssjef i Vard. Foto: Vard
Nytt

Vard skal bygge om for Sanco Shipping

Vann anbodskonkurransen om ombyggingsoppdraget.

25.08.2025

I sommar kjøpte seismikkreiarlaget Sanco Shipping i Gjerdsvika det 15 år gamle seismikkskipet PGS Apollo frå konkurrenten PGS.

Planen var å bygge fartøyet om til å bli verdas mest effektive «skytebåt» for nodeseismikk. 

Den ombygginga skal skje hos Vard Langsten fortel Vard og Sanco Shipping i ei pressemelding.

Storleiken på kontrakten i kroner er ikkje opplyst.

Med Sanco Sailor - som blir det nye namnet på skipet, har Sanco Group sju fartøy.

Ombygging i Møre og Romsdal
Då kjøpet av fartøyet blei kjent tidlegare i sommar sa dagleg leiar Rudy Amundsen i Sanco Shipping av planen var å bygge om fartøyet i Møre og Romsdal.

Amundsen forttalde at alle dei viktigaste delane av seismikkutstyret om bord, vil bli skifta ut. Då vil den gå frå å vere eit sokalla streamerfartøy, til å bli ein rein «skytebåt». 

480 millionar i utbytte
Sanco Group-konsernet hadde 915 millionar kroner i inntekter og eit resultat før skatt på 342 millionar kroner i 2024.

Konsernet delte ut 480 millionar kroner i utbyttet til eigarane etter fjoråret. Det store utbyttet gjorde det mellom anna råd for styreleiar Ivar Slettevoll å kjøpe ut eit gruppe aksjonærar og blir eigar av 56 prosent av aksjane. 

Publisert: 25.08.2025 09:44

Sist oppdatert: 25.08.2025 12:07

Mer om