
Tok i mot båt nr. 23 – har fire til under bygging
Reiarlaget som la ein rekke nybygg på is i kjølvatnet av lakseskatten, utvidar flåten.
FVS Group har fått overlevert sitt fartøy nummer 23 i flåten frå Fitjar Mekaniske Verksted.
FSV Superior er namnet på den 25 meter lange service- og bløggebåten som er er designa av Solstrand Trading i Tomrefjord.
Får stor batteripakke om bord
FSV Group har hovudkontor i Molde, og eig og driv servicefartøy og lektarar for oppdrettsnæringa, i tillegg til frakt, sleping, handtering av nøter og inspeksjon.
Om bord i den nye båten er det ein «stun & bleed»-fabrikk med bløggelinje. Båten skal også få installert batteripakke på 1 500 kilowattimar – som ifølgje reiarlaget er den største i sitt slag på eit slikt fartøy.
Har fire båtar til under bygging
Fitjar-verftet har tidlegare levert éin båt til FSV. Dei har ytterlegare eit fartøy under bygging for Molde-reiarlaget som skal leverast neste år.
Etter at lakseskatten kom på bordet la FVS Group ein rekke nybygg på is. No er dei i full gong med å utvide flåten igjen. Tidlegare i år la dei inn bestilling på tre nye båtar frå Sletta Verft på Nordmøre.
FSV Group har lagt bak seg ti år med kraftig vekst, og blei kåra til årets bedrift av Molde Næringsforum i 2022.
Les også
Publisert: 05.09.2024 10:24
Sist oppdatert: 05.09.2024 10:24