Tok opp 1000 aar gamle fat til vin olje og oliven
SVARTEHAVET: Havila Subsea under arbeid i Svartehavet. Her vart det funne 60 historiske skipsvrak.
Nytt

Tok opp 1000 år gamle fat til vin, olje og oliven

Havila Subsea gjorde sensasjonelle funn på botnen av Svartehavet. Operatørane MMT og Reach Subsea håper på gjennombrot for nytt utstyr.

04.10.2017
- Ja, dette oppdraget var svært viktig for MMT og Reach Subsea. Her har vi brukt vår unike teknologi for kartlegging av havbotnen, i tillegg til detaljert inspeksjon av ulike objekt.
Det seier adm. dir. Audun Brandtzæg i MMT Norway til NETT NO.
MMT har hovudkontor i Sverige, men har avdelingskontor i Haugesund. Der har også Reach Subsea base, og det var desse to selskapa som i samarbeid stod for dei tekniske gjennomføringane av unike arkeologiske undersøkingar av Svartehavet.
Under den siste av tre runder, var Havila-skipet Havila Subsea innleigd, og her vart det funne 60 skipsvrak, der nokre var heile 2500 år gamle.
Mest overraskande var at mange av vraka var i god stand.
Les her:

Spesialutvikla ROV

Audun Brandtzæg opplyser at ein mellom anna brukte to ulike ROV-system (ubemanna ubåtar, red. merk), der den eine var den spesialutvikla Surveyor Interceptor.
- Denne er bygd for å kartleggje store område, i høg fart og med høg kvalitet, seier Brandtzæg.
Bak det spesielle oppdraget stod den internasjonale satsinga The Black Sea Map, eitt av dei største arkeologiske prosjekta som nokon gong er gjennomført.
Brandtzæg seier at selskapet har spesialisert seg på denne typen spesialoppdrag.
- Vi har først og fremst tenkt olje og gass, men det er veldig viktig for oss å vise at teknologien også kan brukast i andre samanhengar.

Store endringar

I ei pressemelding frå Reach Subsea vert det vist til at hovudføremålet med dei arkeologiske undersøkingane var å undersøke endringane langs Svartehavs-kysten sidan siste istid, der tidlegare strandsoner no ligg på 100 meter havdjup.
Første undersøkingane vart gjorde med 76 meter lange Stril Explorer, medan 98 meter lange Havila Subsea vart brukt i siste fasen av prosjektet.
Det var under denne delen at ein gjorde dei sensasjonelle funna av 60 skipsvrak frå ulike tidsepokar, noko som kastar nytt lys over europeisk sjøfartshistorie.
Vraka er undersøkte av ROV-ar ned til 2000 meter djupne.

Tok opp gjenstandar

På grunn av svært lavt oksyngeninnhald på havbotnen av Svartehavet, har skipsvraka halde seg i god stand. På fleire av vraka står framleis mastene, og ein kan sjå tauverk.
Men ein har også klart å hente opp gjenstandar frå fleire skipsdekk, mellom anna fat brukt til vin, olje og oliven.
I tillegg er vraka skanna med laser, samt at det er tatt bilder og video med høg oppløysing.

3D-modellar

Om bord i Havila Subsea har det ved bruk av 3D-teknologi vorte utarbeidd modellar av vraka.
- I fleire tilfelle har vi hatt ein korrekt modell av vraket mindre enn 12 timar etter at vraket var oppdaga.
Prosjektet er leia av Southanpton University og The Bulgarian Center For Underwater Technology, med ei rekkje partnerar frå ulike land.
Reach Subsea og MMT har stått bak dei tekniske løysingane for undersøkingar, innsamling og dokumentasjon.
Prosjektet er finansiert av EEFE (Expedition and Education Foundation), ein stiftelse oppretta av Julia og Hans Rausing.
I fleire tilfelle har vi hatt ein korrekt modell av vraket mindre enn 12 timar etter at vraket var oppdaga

Publisert: 04.10.2017 15:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:14