Erna solberg foto ntb npk 11
– FOR TILLITSBASERT: – Mi vurdering er at innreisesystemet var for tillitsbasert i møte med auka smitte i Europa gjennom hausten, sa statsminister Erna Solberg (H) i Stortinget. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Nytt

Tok sjølvkritikk etter importsmitte

Statsministeren forklara seg om rapporten frå koronakommisjonen, men opposisjonen er ikkje nøgd.

26.04.2021

(NPK-NTB-Oda Ertesvåg, Bibiana Piene og Eirik Husøy): Statsministeren kom med nokre erkjenningar då ho gjorde greie for rapporten frå koronakommisjonen for Stortinget.

I forklaringa erkjende Erna Solberg (H) mellom anna at innreiseordningane var for tillitsbaserte i fjor haust då det kom ei ny smittebølgje i Europa.

– Vi hadde på dette tidspunktet eit system på plass, der karantene tok til å gjelde for reisande frå land der smitten kom over gitte tersklar. I ettertid må vi erkjenne at karanteneplikta for lenge var for tillitsbasert, sa statsministeren i forklaringa si.

Solberg sa òg at ho er samd med kommisjonen om at vedtaket om inngripande tiltak 12. mars burde vore teke av regjeringa og ikkje Helsedirektoratet, og ho erkjende at pandemiscenarioa til DBS og WHO burde ha vore utfordra.

– Burde utfordra vedtekne sanningar
I dei 450 sider lange rapporten til koronakommisjonen som vart lagt fram 14. april, er hovudkonklusjonen er at handteringa til styresmaktene samla sett har vore god, men at dei ikkje var godt nok førebudde då pandemien kom.

– Eg er samd i at vi i beredskapsarbeidet i for lita grad har utfordra vedtekne sanningar om korleis pandemiar skal handterast i Noreg, sa Solberg, som vidare peikte på at Noreg var førebudd på ein influensapandemi, men at han ikkje omfatta virus med andre eigenskapar.

Men opposisjonspartia meiner at Solberg kunne ha teke meir av dei rundt 60 læringspunkta frå kommisjonen til seg.

– «Spelar ned» kritikken
– Inntrykket når eg høyrer statsministeren, er at ho speler ned mykje av kritikken, mange av desse manglane og svakheitene, og eg synest ho er lite audmjuk i forhold til mange av forslaga til tiltak, sa Ap-leiar Jonas Gahr Støre i Stortinget etter forklaringa.

SV-leiar Audun Lysbakken meiner òg det er «oppsiktsvekkjande» at statsministeren ikkje kom med meir sjølvkritikk. Sylvi Listhaug (Frp) sa at regjeringa har svikta på importsmitte, og Marit Arnstad i Senterpartiet meiner rapporten er pinleg for Solberg.

– Paradokset er stort, for då Høgre gjekk i regjering var det eit viktig valkampløfte å gjere Noreg betre rusta til slike kriser, sa ho.

Vil ha behandling før valet
Ho viste til at statsministeren erklærte at beredskapsarbeidet skulle styrkjast og gjennomføringskrafta bli auka då regjeringa hennar tiltredde i 2013.

– Kommisjonen dokumenterer at desse løfta ikkje er innfridde etter sju år og like mange beredskapsministrar. Slik er rapporten frå kommisjonen ikkje berre alvorleg for beredskapen, men også litt pinleg for statsministeren, sa Arnstad.

Både SV og Raudt ber no om at rapporten blir behandla av kontroll- og konstitusjonskomiteen i Stortinget før stortingsvalet i haust.

Under Solbergs forklaring måndag vart det òg klart at regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding når pandemien er over, og at det i statsbudsjettet for neste år vil bli lagt fram eit forslag til korleis ei permanent ordning for lagring av smittevernutstyr skal organiserast.

(©NPK)

Les heile forklaringa til statsministeren her (ekstern lenke)

Publisert: 26.04.2021 14:56

Sist oppdatert: 26.04.2021 15:04

Mer om