Lars Einar Riksheim Erna Solberg Innovern foto Ogne
KVA NO?: Statsminister Erna Solberg sto for den offisielle opninga av munnbindprodusenten Innovern i Sykkylven i desember i fjor, ein fabrikk som blei etablert like etter at koronaepidemine kom og Noreg mangla smittevernutstyr. Så langt har regjeringa vore lite detaljert om korleis den ser for seg framtida for slike bedrifter etter at epidemien er over. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Analyse: Ubudd på at ikkje alt kunne kjøpast

Ammunisjon til opposisjonen frå Koronakommisjonen.

18.04.2021
KORONA-KONSEKVENSANE

Å basere seg på at smittevernutstyr kan kjøpast frå Kina og i tilstrekkleg mengder ved behov, er ikkje vegen å gå. Det er blant lærdomane som kan trekkast av Koronakommisjonen sin rapport, som vart offentleggjort tidlegare denne veka.

No gjenstår det å sjå om lærdomen fører til handling og forbetring.

Les heile rapporten her

Rapporten frå Koronakommisjonen brukar mykje plass på å drøfte organisering, ansvarsfordeling og øving for å bu seg på ei krise, men og på forsyningstryggleik av kritisk utstyr, oppbygging av beredskapslager og kva som må kunne produserast her og/eller hos naboland.

Spørsmålet er om kommisjonen går langt nok og er detaljert nok i sine framlegg til kva som må gjerast. Det blir truleg ein del av diskusjonen etter rapporten og under valkampen fram til Stortingsvalet i haust, men kommisjonen peikar i alle fall i ei klar retning. Den konkluderer med at Noreg må ha eit sterkt samarbeid med nordiske og europeiske land om beredskap og forsyningstryggleik av smittevernutstyr og medisinskteknisk utstyr.

Liknande problemstillingar gjeld og medisinar, der India og Kina har fått ei dominerande rolle.

Det ville vere rart om koronakommisjonen sine rapport ikkje får politikarar til å vurdere om noko av produksjonen av kritiske varer også skal skje i Noreg, om ikkje anna for å ha ein kapasitet og kompetanse innanlands om det skulle bli naudsynt å bli enda meir sjølvforsynt.

Eit sitat i rapporten frå eit intervju kommisjonen gjorde med departementsråd Bjørn-Inge Larsen i Helse- og omsorgsdepartement er truleg talande for tenkinga før den verdsomfemnande epidemien kom:

"Vi var ikke forberedt på at det kunne skje at vi ikke kunne kjøpe ting for penger på vanlig måte."

Her er det ikkje mykje bekymring å spore for evna til utanlandske produsentar til å kunne levere medisinsk utstyr, og slett ikkje for viljen.

Koronaakommisjonen vart oppretta av regjeringa like etter at koronaepidemien kom, med oppdrag å vurderer kva ein kan lære av handteringa av den verdsomspennande epidemien.

Konklusjonen er todelt. Regjeringa får stort sett ros for handteringa etter at viruset kom til landet, men ris for førebuingane for ein verdsomspennande og omfattande epidemi.

Kommisjonen leverer rett og slett rikeleg med ammunisjon til opposisjonen på Stortinget før valkampen før stortingsvalet til hausten:

"Myndighetene visste at en pandemi var den nasjonale krisen som var mest sannsynlig, og som ville ha de mest negative konsekvensene. Likevel var de ikke forberedt da den omfattende og alvorlige covid-19-pandemien kom," heiter det i kommisjonen si oppsummering.

Då statsminister Erna Solberg held innsettingstalen etter valsigeren som sikra regjeringsskifte i 2013 sa ho mellom anna dette frå talarstolen på Stortinget:

"De tragiske hendelsene den 22. juli 2011 viste at beredskapen må bli bedre. Regjeringen vil gjøre Norge bedre rustet til å møte fremtidige kriser."

Les heile talen her

Akkurat som Erna Solberg for åtte år sidan kunne vise til sviktande beredskapsplanlegging hos forgjengaren, kan Ap-leiar Jonas Gahr Støre gjere det same om Erna Solberg det blir han som overtek statsministerkontoret i haust - slik meiningsmålingane nett no tyder på kjem til å skje. Koronakommisjonens rapport reduserer neppe sjansen for eit regjeringsskifte,

Det er også verdt å minne om at hovudårsaka til dei strenge smitteverntiltaka som blei innført for over eitt år sidan - og delvis kostnadane som har følgd med - er frykt for at sjukehuskapasiteten skal bli sprengt.

Den viktigaste flaskehalsen for ein rask auke i intensivkapasiteten, ifølgje rapporten, er mangel på fagfolk.

Epidemien ville råka mange økonomisk uansett, mellom anna fordi deler av norsk næringsliv taper på konsekvensen av koronaepidemien i andre land. Men den kunne kanskje råka mindre hardt om kapasiteten for å ta i mot pasientar på intensivavdelingane var større i utgangspunktet.

Dette er tolvte artikkel i ein serie der NETT NO ser på konsekvensane av pandemien. Les dei andre under. Dei 11 første sto i påska.

Publisert: 18.04.2021 06:00

Sist oppdatert: 26.04.2021 15:04