Tommelen ned for BKK og Hydro
FOR LITEN: Styret i Sogn og Fjordane Energi (SFE) meiner interessene til Sogn og Fjordane ikkje blir godt nok ivaretekne i eit felles produksjonsselskap med BKK og Hydro. No er det opp til eigarane å avgjere seier konsernsjef Johannes Rauboti i SFE.
Nytt

Tommelen ned for BKK og Hydro

Styret i Sogn og Fjordane Energi (SFE) vil ikkje går saman med BKK og Hydro om eit nytt felles produksjonsselskap.

26.09.2018
SFE varsla i fjor at at selskapet såg på fleire moglege allianse- eller samanslåingspartnarar.

No det mest omfattande alternativet, å gå saman med BKK og Hydro om eit stort produksjonsselskap - Vestlandskraft - , truleg skrinlagt. SFE-styret sitt framlegg om å seie nei skal opp i ei ekstraordinær generalforsamling i selskapet 12. oktober.
– No har styret i SFE sagt si meining om dette, og så er det eigarane som til sjuande og sist bestemmer om dei vil gå vidare med eller skrinlegge prosjektet, seier Johannes Rauboti, konsernsjef i SFE i ei pressemelding.

Sikre Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane fylkeskommune eig 49,6 prosent av aksjane i SFE etter ei kapitalutviding på 211 millionar kroner i fjor.

Fylkeskommunen vil sikre at verdiane i SFE blir verande i Sogn og Fjordane etter at fylket slår seg saman med Hordaland, men samtalane med BKK og Hydro gav ikkje det resultatet styret og administrasjonen hadde håpa på, skriv selskapet i pressemeldinga:
"I Vestlandskraft får SFE ein relativt liten eigardel på rundt 10%. Styret og administrasjonen i SFE har derfor vore usikre på om alternativet gir god nok lokal kontroll og eigarskap til viktige naturressursar, og om det tek vare på lokale arbeidsplassar, kompetanse og aktivitet i stor nok grad. Desse ulempene vurderer styret i SFE som større enn verdien av dei reduserte kostnadane ein forventar ved ei samanslåing.
– Derfor har SFE-styret bedt dei andre partane om tilbakemelding på korleis SFE eventuelt vil bli kompensert for ulempene ved ei samanslåing. Men vi opplevde ikkje tilboda som gode nok til å halde fram med prosessen", seier Rauboti i pressemeldinga."

Forhandlar vidare med Sunnfjord

Sunnfjord Energi er den andre parten starta forhandlingar med i fjor.
Forhandlingane med BKK/Norsk Hydro skapte uvisse i forhandlingane med Sunnfjord Energi, men forhandlingane med Sunnfjord Energi er ikkje avblåst, berre utsett.
- SFE-styret ser eit større potensial mellom SFE og Sunnfjord Energi, men samstundes har det synt seg at ein treng avklaring rundt regionsreforma og Vestlandskraft før ein kan kome i mål med denne samanslåinga, seier Rauboti i pressemeldinga.

Publisert: 26.09.2018 15:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26