Foto Hotel Ullensvang IKKJE BRUK
Hotel Ullensvang har sidan 1846 vore eigd og drive av familien Utne gjennom fem generasjonar. No er det tradisjonsrike hotellet selt til eit britisk selskap. Foto: Hotel Ullensvang.
Nytt

Tradisjonsrikt hotell får britiske eigarar

Adviso Advokatfirma i Ålesund var rådgivar ved salet.

29.03.2021

NETT NO/NPK: Hotel Ullensvang i Lofthus i Hardanger har vore i same familien sitt eige sidan 1846. No er hotellet selt til eit britisk selskap.

Det er H.I.G. Capital og samarbeidspartnar Hamilton Hotel Partners som har kjøpt det ikoniske hotellet ved Hardangerfjorden, melder NRK.

Lagt ut før koronakrisa
Hotellet vart lagt ut til sals i slutten av februar i fjor, like før store deler av verda stengte ned for å bremse koronapandemien.

Adviso Advokatfirma i Ålesund var hyra inn som rådgivar i salet, saman med kommunikasjonsselskapet First House og det internasjonale eigedomsrådgivningselskapet CBRE.

Pandemien stoppa ikkje salsprosessen, og etter det NRK forstår er kjøpessummen ikkje langt frå det eigarane Barbara og Hans Edmund Utne ville ha for hotellet før korona-pandemien. Dei har tidlegare sagt at dei vurderte sal fordi det er vanskeleg for eit uavhengig og familiedrive hotell å konkurrere slik marknaden er i dag.

Vemodig
Ordførar i Ullensvang kommune, Roald Aga Haug (AP), seier salet er vemodig, og han kallar hotellet eitt av dei mest tradisjonsrike i Noreg. Han stolar på dei nye eigarane.

– Eg forventar at dei er like seriøse og dyktige som dei noverande drivarane, og at dei har ei evne til å få reisande hit og set oss på kartet i framtida, slik Hotel Ullensvang har gjort i 175 år, seier han til NRK.

Dei tilsette på hotellet vart orienterte om salet før helga. Det er 40 tilsette ved hotellet i dag, medan talet blir dobla i sommarsesongen.

Publisert: 29.03.2021 10:37

Sist oppdatert: 29.03.2021 10:45