Ferje fjord1 sulesund
TRAFIKKVEKST: Hopp i antal køyretøy og passasjerar for Fjord1, her frå Sulesund. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Ferjetrafikken som før pandemien

Fjord1 opplever sterk passasjervekst, men resultatet før skatt enda i minus i første kvartal.

20.05.2022

Fjord1 frakta 1,8 millionar køyretøy og 3,1 millionar passasjerar i første kvartal. Det er ein auke på høvesvis 13 og 9 prosent samanlikna med første kvartal i fjor.

Selskapet skriv at trafikken no er tilbake på nivået før pandemien. Inntektene aukar, men det gjer også kostnadene, slik at resultatet før skatt enda på minus 2,2 millionar kroner i første kvartal.

Fjord1
1. kvartal (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 735,8 691,3
Driftsresultat 35,6 54,7
Resultat før skatt -2,2 9,9

Høg dieselpris
Auken i driftsinntekter skuldast i hovudsak indeksregulering av ferjekontraktar og inntekter frå infrastruktur.

Selskapet skriv i kvartalsrapporten at resultatet vert trekt ned på grunn av høgare pris på disel og noko meir vedlikehald på ferjene enn i same kvartal året før.

Investeringane i kvartalet var på 141 millionar kroner i første kvartal, i hovudsak for infrastrukturprosjekt knytt til elektrifisering og ombygging av fartøy.

Kontraktar på 20,3 milliardar
Netto renteberande gjeld var på 4.966 millionar kroner per 31. mars. Selskapet har lågare investeringsforpliktingar framover, og forventar auka kontantstraum frå drift, og NOx- kompensasjon for elektriske ferjer.

Porteføljen av langtidskontraktar har ein verdi på 20,3 milliardar kroner før indeksregulering.

Totalt er 43 prosent av ferjene anten elektriske eller hybrid-elektriske. Selskapet har bestilt to nye el-ferjer i 2023, i tillegg til at ei skal oppgraderast ved Havyard Leirvik og ei ved Westcon i Florø.

I kvartalet hadde ferjeflåten berre 8 timar driftsstans.

Hopp for catering
681,8 millionar av inntektene kom frå ferjene, medan 31,2 millionar kom frå satsinga på passasjerbåtar.

Turismedelen stod for 4,1 millionar, medan inntektene frå catering kom opp i 16,0 millionar. I første kvartal i fjor var inntektene på 10,3 millionar.

Fjord1 eig 34 prosent av Widerøe Flyveselskap, og kunne i kvartalet bokføre 10,1 millionar kroner frå denne investeringa.

Publisert: 20.05.2022 10:45

Sist oppdatert: 20.05.2022 13:52

Mer om