Insekt Norinsect innfelt harald espeland foto Norinsect
FLEIRE MARKNADER: Mjølbillelarvar frå Stordal kan bli fôr til både fjørfe, svin, kjæledyr og oppdrettsfisk. Dagleg leiar Harald Espeland i Norinsect er snart klar for å skalere opp produksjonen. Foto: Norinsect
Nytt

Trappar opp produksjonen og vurderer ny fabrikk

Larvesatsing i Stordal eit stort steg vidare med automatisert produksjon.

Marius Rosbach
14.02.2025

I kring ti år er det blitt jobba med å etablere storstilt oppdrett av larvar og larvebiller i Stordal. No har fabrikken teke eit stort steg vidare med automatisert produksjon og foredling på fabrikken. 

– Vi er i gong. No jobbar vi med å verifisere at alle dei automatiserte prosessane spelar på lag med biologien slik vi vil at dei skal gjere, fortel dagleg leiar Harald Espeland til Nett No.

Etter at dei har finjustert, fjerna flaskehalsar og optimalisert flyten i produksjonen, skal dei skalere opp. 

Etterspurnaden i marknaden er sopass stor at Stordal-fabrikken aleine ikkje vil vere i nærleiken av å dekke behovet
Harald Espeland

Kapasitet på 15 til 20 tonn kvar veke
I dag er det sju arbeidsplassar ved fabrikken i Stordal, i tillegg til Espeland og biolog Åsta Dale. Produkta er både insektmjøl og -olje, og frass - som er gjødsel frå insekta. 

Med full produksjon vil fabrikken ha kapasitet til å levere mellom 15 og 20 tonn per veke. 

– Det kjem an på kva vi bestemmer oss for. Vi har fullt fokus på Stordal no, og vi skal ha produksjon der. Men etterspurnaden i marknaden er sopass stor at Stordal-fabrikken aleine ikkje vil vere i nærleiken av å dekke behovet, seier Espeland.

Tilgangen på fôr til fabrikken verkar også inn. Menyen til insekta er vegetabilsk restråstoff frå matindustrien - mellom anna Grandiosa-pizza frå Stranda. 

Vurderer fleire plassar for ny fabrikk 
Med større produksjon kan larvesatsinga med andre ord vekse ut av møbelbygda på Sunnmøre. 

– Vi er i ein prosess der vi vurderer ulike lokalitetar i landet. Vi veit at det er interesse andre plassar i Europa også, men no tenker vi uansett gå vidare i Norge, legg han til. 

Oppdretts- og fjøreindustrien er mellom marknadane der det er venta stor etterspurnad. 

Begge bransjar er i full gong med å finne alternativ til soyabasert fôr importert frå andre delar av verda, til ein meir kortreist meny for laks og kylling her heime. 

– Også kjæledyrbransjen er stadig på jakt etter nye proteinkjelder, seier Espeland. 

Har investert titals millionar
Larvefabrikken i Stordal er etablert over 3500 kvadratmeter i bygget som tidlegare husa møbelprodusenten Pedro. 

Då innkøyringsfasen var over i 2022, fortalde Norinsect-sjefen til Nett No at det var investert 30 til 40 millionar i fabrikken og utvikling av selskapet. 

Sidan då har rekneskapane i 2022 og 2023 vist underskot på meir enn 20 millionar. 

– Vi er overtydd om at dette er ein bransje der det er mogleg å drive med overskot, seier Espeland. 

Norinsect klimasnupris Else May Norderhus Harald Larsen Espeland foto Per Kristian Bratteng møre og romsdal fylkeskommune
KLIMAPRIS: Norinsect fekk Klimasnuprisen for 2023 frå statsforvaltar Else May Norderhus. Her tek Harald Espeland i mot prisen. Foto. Per Kristian Bratteng/Møre og Romsdal fylkeskommune

Vurderer ny kapitalinnhenting
Eit knippe investorar frå Sunnmøre er mellom dei som er med på satsinga – og vil vere med vidare, fortel Norinsect-sjefen. Selskapet vurderer å hente inn meir kapital i løpet av året – og er open for nye investorar. 

– Vi tek eit steg av gangen og vil vurdere om det er rett å berre skalere opp i Stordal, eller om vi samtidig vil satse på eit større anlegg, seier han. 

Espeland er sjølv medeigar gjennom selskapet Attraktive Lokalsamfunn. 

Artec Aqua-grunnleggarane sitt selskap Artec Holding og Rogaland-baserte Habu Holding er andre store aksjonærar. Det er også Peder Stavdal Vikenes, gjennom selskapet PS Vikenes.

Vi tek eit steg av gangen og vil vurdere om det er rett å berre skalere opp i Stordal, eller om vi samtidig vil satse på eit større anlegg
Harald Espeland
Stordal industri bygg mobel foto marius
STORDAL: Norinsect held til i dei tidlegare lokala til møbelprodusenten Pedro midt i bilde. Av konkurranseomsyn vil ikkje selskapet vise fram larvefabrikken. Foto: Marius Rosbach

Publisert: 14.02.2025 05:00

Sist oppdatert: 13.02.2025 23:56

Mer om