Witzøe-selskapet Nutrimar har gjort store framsteg i arbeidet med å nytte mindre langreist soya i fôret til oppdrettslaksen.
Bruk av importert fôr har vore ei utfordring for oppdrettsbransjen i ei årrekke, mellom anna fordi det forverrar klimarekneskapen for havbruksnæringa.
Regjeringa har difor sett eit mål om at sjølvforsyningsgraden skal opp frå 8 til 25 prosent innan 2034.
– Enkelte har snakka om at det er urealistisk, men vår påstand er at det kan bli oppnådd med god margin, fortel administrerande direktør Edgar Skjervold i Nutrimar til Nett No.
Under «Ressurskonferansen – et hav av muligheter» ved NMK-bygget i Ålesund onsdag skal Skjervold fortelje deltakarane kor langt dei har kome i arbeidet. NCE Blue Legasea arrangerer konferansen i samarbeid med Runde Forsking og Møreforsking.
La fram resultata for fiskeriministeren
Gjennom fleire år har selskapet studert korleis ein kan skifte ut soyabasert fôr, med ein meir kortreist meny frå industriens eige restråstoff.
Selskapet har nyleg møtt fiskeriministeren og lagt fram sine resultat.
– Då kunne vi fortelje at vi i stor grad har moglegheit til å bytte ut langreist soya med norske fôrråvarer, fortel Skjervold.

Nutrimar-sjefen fortel at utskiftinga ikkje berre gir ei betre klimarekneskap og løyser eit utfordringa med handtering av restråstoffet.
Det gir også store fordelar for kvaliteten på fisken og at færre laks døyr på vegen frå smolt til fisken er slakteklar.
Fekk ei halvering av dødelegheita
Det er eit betydeleg arbeid som ligg bak konklusjonen til Nutrimar-sjefen.
Selskapet har jobba saman med fôrprodusenten Skretting og NTNU undervegs. Ved to ulike forsøkskonsesjonar har dei testa korleis laksen reagerer på å bli servert fôr laga av industriens eige restråstoff.
Resultata ved bruk av omega 3-olje laga frå restprodukt etter laksen, var spesielt oppsiktsvekkande.
– Forskinga viste ei halvering av dødelegheita, noko som er blitt ei svært aktualisert problemstilling for bransjen. Samtidig hadde vesentleg høgare del av fisken «superior» kvalitet, legg han til.

– Ein bonus på toppen
Også bruk av sokalla hydrolysert protein ga gode resultat. Det er snakk om konsentrert protein frå restråstoff av laks, som gjer at fisken tek opp i seg meir av næringa den treng.
– Også her opplevde vi lågare dødelegheit, Samtidig tok fisken opp i seg meir av fôret, som gjer at mindre kjem ut som botnslam, eller avføring. Vi såg også at denne fisken kom 50 prosent betre ut på kvalitet, seier Nutrimar-sjefen.
Skjervold fortel at dei i første omgang var ute etter å dokumentere at det ikkje hadde negative effektar å skifte ut soyabasert fôr med den kortreiste menyen.
– Dette som vi har vist av effektar på fiskehelse, kvalitet og berekraft, kjem som ein bonus på toppen, seier han.
Ein tredel av laksen blir restråstoff
Tilgang på nok restråstoff har vore peika på som ei utfordring for å få til ei omlegging av fôrbruken som verkeleg monnar.
Skjervold viser til løysinga for å auke sjølvforsyningsgraden frå 8 til 25 prosent ligg hos industrien sjølv. I dag endar berre kring to tredelar av laksen som veks opp i norske merdar, opp som menneskemat.
– Det er biomasse som allereie er tilgjengeleg. Om vi i tillegg nyttar restprodukt frå fjørfe og kylling, meiner vi at vi kan nå måla, seier han.
Publisert: 28.01.2025 09:00
Sist oppdatert: 28.01.2025 09:36