Nytt
Tre kokkar satsar på Nordfjordeid
Med erfaring frå Paris, Oslo (medrekna slottet) og Bergen satsar Leon Knapskog, Silje Øygard og Øyvind Haugland på restaurant i den gamle handlegata på Nordfjordeid.
15.12.2017
Bak gråpapiret i vindauga ut mot gata er montering av kjøkken og interiør i full gang til opninga i januar.
I utgangspunktet var ideen å starte eit lite bryggeri. Det viser og namnet på aksjeselskapet dei tre eig i fellesskap, Aske Bryggeri. Men etterkvart som det eine småbryggeriet etter det andre dukka opp på Nordvestlandet, og konkurransen blei skjerpa, er bryggeriplanane kraftig nedskalert.
Øl skal bryggjast på bakrommet, men det blir svært liten skala - i alle fall i starten.
Bakeriet, med fire tilsette, har hatt resultat om lag i balanse frå starten i 2015 og 2016, og går no med overskot.
Der jobbar og Øyvind Haugland, som blir kompanjong i Aske gatemat & bryggeri. Haugland har vore kokk hos restaurantane Lille Escalon i Bergen og Du Verden i Svolvær, og skal ha ansvaret for brygginga i restauranten.
Både Knapskog og Haugland er frå Nordfjordeid, medan tredje person i trioen bak restaurantsatsinga - Silje Øygard - kjem frå Valdres.
- Eg likar ideen om å bringe byen til bygda, seier ho.
Restauranten får ein meny som også eignar seg som take-away; taco, burger i mange variantar, fish & chips, men alt laga heilt frå grunnen og prega av kokkeerfaringa til dei tre gründerane.
I første omgang startar dei med opningstider frå 15 til 23 torsdag til og med søndag. Då blir den faste bemanninga Øygard, ein lærling, og ein servitør pluss ekstrahjelp ved behov i tillegg til Knapskog og Haugland.
Kjøpesenteret Amfi omlag dobla arealet i fjor. Det ligg ved sjøkanten, og er nabo med Rema. Biltema er og i ferd med å etabler seg der.
Men Knapskog opplever ikkje at kjøpesenter og store butikkar dreg trafikken bort frå den tradisjonelle handlegata. Tvert i mot, meiner han. Samarbeidet er godt og kjøpersenteret er aktivt med for å halde liv i gata.
I utgangspunktet var ideen å starte eit lite bryggeri. Det viser og namnet på aksjeselskapet dei tre eig i fellesskap, Aske Bryggeri. Men etterkvart som det eine småbryggeriet etter det andre dukka opp på Nordvestlandet, og konkurransen blei skjerpa, er bryggeriplanane kraftig nedskalert.
Øl skal bryggjast på bakrommet, men det blir svært liten skala - i alle fall i starten.
Starta minibakeri
Leon Knapskog er allereie etablert i handlegata på Nordfjordeid. Han starta og driv Minibakeriet i 2015, nokre få steg unna der restauranten skal opne. Han har mellom anna jobba som kokk på slottet og kjøkkensjef ved den norske ambassaden i Paris.Bakeriet, med fire tilsette, har hatt resultat om lag i balanse frå starten i 2015 og 2016, og går no med overskot.
Der jobbar og Øyvind Haugland, som blir kompanjong i Aske gatemat & bryggeri. Haugland har vore kokk hos restaurantane Lille Escalon i Bergen og Du Verden i Svolvær, og skal ha ansvaret for brygginga i restauranten.
Både Knapskog og Haugland er frå Nordfjordeid, medan tredje person i trioen bak restaurantsatsinga - Silje Øygard - kjem frå Valdres.
Byen til bygda
Øygard har arbeidd på Bien restaurant i Bergen og to år på restauranten Le Verre Vole i Paris. Ho ville gjerne flytte til attende til eit bygdmiljø, og då forespørselen frå Knapskog og Haugland kom om å ta kjøkkensjefjobben var ho ikkje tung å be.- Eg likar ideen om å bringe byen til bygda, seier ho.
Restauranten får ein meny som også eignar seg som take-away; taco, burger i mange variantar, fish & chips, men alt laga heilt frå grunnen og prega av kokkeerfaringa til dei tre gründerane.
I første omgang startar dei med opningstider frå 15 til 23 torsdag til og med søndag. Då blir den faste bemanninga Øygard, ein lærling, og ein servitør pluss ekstrahjelp ved behov i tillegg til Knapskog og Haugland.
Godt samarbeid
Etableringa av både bakeriet og restauranten kjem i ein periode der handelen på Nordfjordeid er i endring.Kjøpesenteret Amfi omlag dobla arealet i fjor. Det ligg ved sjøkanten, og er nabo med Rema. Biltema er og i ferd med å etabler seg der.
Men Knapskog opplever ikkje at kjøpesenter og store butikkar dreg trafikken bort frå den tradisjonelle handlegata. Tvert i mot, meiner han. Samarbeidet er godt og kjøpersenteret er aktivt med for å halde liv i gata.
Eg likar ideen om å bringe byen til bygda
Publisert: 15.12.2017 10:44
Sist oppdatert: 03.05.2021 08:51