Tredje kontrakt knytt til el-ferje
Hav Group med nytt oppdrag, for fleire titals millionar kroner.
Hav Group sitt datterselskap Norwegian Electric Systems skal levere eit ladesystem for Scandlines si elferje mellom Rødby i Danmark og Puttgarden i Tyskland.
Kontrakten er på «fleire titals millionar» kroner, seier Hav Group-sjef Gunnar Larsen.
Det nye anlegget skal byggast på den tyske sida av sambandet.
Rekordkontrakt
Kontrakten er den tredje knytt til Scandilines si elferje. I mars i fjor offentleggjorde Hav Group ei tilsvarande kontrakt for ladestasjonen på dansk side.
Det første og største oppdrag knytt til sambandet blei offentleggjort i februar i 2022.
Då melde Hav Group at Norwegian Electric Systems fekk oppdraget med å levere batteri- og
kontrollsystem, samt fungere som systemintegrator for en ferja som Scandlines byggjer ved Cemre Shipyard i Tyrkia. Det er eit oppdrag nær 100 millionar kroner og den største kontrakten Norwegian Electric Systems nokon gang har inngått.
Scandlines-ferja får ein batterikapasitet på ti megawatt-timar.
Ladestasjonen inkluderer en 30MVA transformator, middels og lavspennings transformatorar og tavler, i tillegg til kontrollsystem og datasamlingssystem.
Publisert: 15.12.2023 08:44
Sist oppdatert: 15.12.2023 09:39