Jens Peter Brunstad foto Ogne
VEKT: Dagleg leier Jens Peter Brunstad blei tilsett i 2020 for å få vekst hos L K Hjelle Møbelfabrikk. Det har han lukkast med. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Tredje vekstår på rad for L K Hjelle

Har snudd minus til pluss og aukar lønsemda i år.

27.07.2022

- Vi skal ha ein betydeleg vekst i åra som kjem, sa Jens Peter Brunstad like etter han starta som dagleg leiar i L K Hjelle Møbelfabrikk våren 2020.

Så langt har han oppfylt måla han sette for selskapet.

Både i 2020 og 2021 vart det rekordinntekter for den tradisjonsrike møbelprodusenten i Sykkylven.

Veksten held fram i år. Det er snakk om "betydlige forbedring" både i driftsinntekt og lønsemd i 1. kvartal i år, ifølgje årsmeldinga til selskapet.

Optimismen er ikkje utan atterhald. Fleire faktorar skaper uvisse: Kostnadsauke for fabrikken mellom anna på grunn av krigen i Ukraina, effekten av renteauke og annan kostnadsauke hos potensielle kundar og ei mogleg utflating av salsboomen etter koronatida.

I åra 2017-2019 var det samla underskotet til selskapet heile 12,2 millionar kroner.

Store endringar blei gjort for å kome ut av stagnasjon og millionunderskot.

Tidlegare dagleg leiar og største aksjonær, Dag Hjelle, fekk inn nye investorar og gjekk sjølv over til å arbeide med produktutvikling. Han er framleis stor aksjonær, med 38,7 prosent av aksjane. Råna Invest, med investorar frå Sykkylven på laget, eig 39,1 prosent.

Jens Peter Brunstad kom inn som ny dagleg leiar i 2020, og i fjor blei tidlegare Slettvoll-sjef Kristine Landmark styreleiar.

Design-klassikarar
L K Hjelle har mellom anna to møbelklassikarar frå Nordvestlandet i kolleksjonen, Siestastolen og Falcon-stolen, i tillegg til modellar selskapet sjølv har fått utvikla.

Selskapet rettar seg mot kundar som kjøper møblar i øvre prisklasse, og har hovudtyngda av kundane i privatmarknaden.

L K Hjelle Møblefabrikk syssesette 32 årsverk i fjor.

L K Hjelle Møbelfabrikk as

Tal i mill. kroner2021

2020

Driftsinntekt53,442,3
Driftsresultat2,61,9
Resultat før skatt2,31,8

Publisert: 27.07.2022 14:36

Sist oppdatert: 27.07.2022 14:38

Mer om