Dag Frode Hjelle L K Hjelle Møbelfabrikk
VENDEPUNKT: Dag Hjelle fekk inn medinvestorar, og ny dagleg leiar inn i selskapet. Ei negativ utvikling i L K Hjelle blei snudd i fjor.
Nytt

På veg mot rekord for andre år på rad

Etter tre å på rad i minus er L K Hjelle Møbelfabrikk tilbake i pluss.

27.04.2021

2021 har starta som 2020 slutta, med kraftig vekst. Etter 1. kvartal i år ligg L K Hjelle Møbelfabrikk i Sykkylven an til å passere 50 millionar kroner i driftsinntekter i år.

- 1. kvartal er kjempebra. Den veksten vi har hatt i 2020 den har berre halde fram, seier dagleg leiar Jens Peter Brunstad.

Snuoperasjon
I åra 2017-2019 var det samla underskotet til selskapet heile 12,2 millionar kroner.

Store endringar er gjort for å kome ut av stagnasjon og millionunderskot.

Tidlegare dagleg leiar og største aksjonær, Dag Hjelle, fekk inn nye investorar og gjekk sjølv over til å arbeide med produktutvikling. Han er framleis stor aksjonær, med 38,7 prosent av aksjane. Råna Invest, med investorar frå Sykkylven på laget, eig 39,1 prosent.

Jens Peter Brunstad kom inn som ny dagleg leiar i fjor, og i år blei tidlegare Slettvoll-sjef Kristine Landmark på plass som styreleiar.

Varig endring
Då koronaepidemien kom permittere selskapet tilsette. Først i juni var selskapet tilbake i full drift, og utover hausten var det full fart. Heile veksten i fjor skuldast salsauken på hausten.

Jens Peter Brunstad foto Ogne
VARIG ENDRING: Epidemien har ført til ei endring som vil vare ved også etterpå, til gunst for L K Hjelle Møbelfabrikk og andre norske møbelprodusentar, meiner dagleg leiar Jen Peter Brunstad. Foto: Ogne Øyehaug

Jens Peter Brunstad meiner den gunstige utviklinga for både L K Hjelle Møbelfabrikk og andre norske møbelprodusentar vil vare ved også etter koronaepidemien.

Faktorar som miljø, nærleik og lokal produksjon tel meir for forbrukarane no, og det den endringa vil halde seg også framover, etter Brunstad si vurdering.

L K Hjelle Møbelfabrikk as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter42,335,5
Driftsresultat1,9-4,4
Resultat før skatt1,7-4,6

Publisert: 27.04.2021 11:25

Sist oppdatert: 27.04.2021 11:26

Mer om