Treng mange nye tilsette i reiseliv
NHO-rådgivar ber ungdom byte arbeidsgivar og prøve seg ulike stader før dei bestemmer seg for arbeidsstad.
- Eg har eit godt råd til dei vidaregåande elevane; byt arbeidsgivar, prøv deg i ulike geografiske område, gjerne i utlandet. Dette er gode råd for å utvikle reiselivsnæringa i Møre og Romsdal.
Det sa NHO-rådgivar Henrik Hamborg i NHO reiseliv under ei reiselivskonferanse i Fosnavåg torsdag.
Hamborg arbeider med kompetanse og utdanning, og viste til at 6 av 10 NHO-bedrifter melder tilbake at dei har eit udekka kompetansebehov.
- Det er stor mangel på fagfolk. Konsekvensen for bedriftene er at ein taper kundar og forteneste, sa Hamborg.
Les også
Hamborg viste til at fleire av medlemane i NHO reiseliv no melder tilbake om at aktivitetsnivået er tilbake der det var før pandemien starta.
- Og her er det Møre og Romsdal som gjer det best i landet.
- Halvparten av medlemene i i NHO reiseliv sa i september i år at dei var tilbake på nivået før pandemien.
Han viste også til at 26 prosent av medlemsbedriftene sa at dei hadde behov for fleire fagfolk.
- Dette er kjempegledeleg. Men vi skal også vidare, for reiselivsnæringa skal tilbake til eit vekstspor.
Berre i Oslo har det kome 50 nye restaurantar siste året
Hamborg viste til at det blant anna var stor mangel på kokkar og andre som jobba med mat.
Han opplyste at det ironisk nok hadde auka med restaurantar gjennom pandemien.
- Berre i Oslo har det kome 50 nye restaurantar siste året. Den same utviklinga ser vi også andre stader i landet.
Les også
Publisert: 22.10.2021 07:59
Sist oppdatert: 22.10.2021 09:02