Hirtshals Havn Havneudvidelse 1
HYDROGEN-ANLEGG: Hirtshals hamn har ambisjonar om å bli grønare, mellom anna med Norwegian Hydrogen på laget.
Nytt

Tresifra millionstøtte til Norwegian Hydrogen-partnerskap

Skal bygge hydrogenfabrikk ved Hirtshals hamn.

04.03.2024

Det er EU som blar opp for å støtte prosjektet i Danmark, gjennom forskings- og innovasjonsprogrammet Horisont Europa.

Norwegian Hydrogen i Ålesund er leiar for eit konsortium med i alt 11 partnarar, som skal bygge ei «integrert grøn hydrogenverdikjede ved Hirtshals», ifølgje ei pressemelding.

Planen omfattar mellom anna eit anlegg med ein kapasitet på å bruke 5 MW straum til å produsere hydrogen ved hjelp av elektrolyse. Det betyr at anlegget skal spalte vatn i hydrogen oksygen ved å køyre straum gjennom.

Målet er å levere minst 500 tonn hydrogen årleg.

Vindkraft
Straumen skal kome frå lokale vindturbinar, ifølgje pressemeldinga.

Ved å reversere spalting i ei brenselcelle blir det frigjort energi, som for eksempel kan brukast til å drive skip. Så lenge krafta til å lage hydrogenet kjem frå atomkraft, eller fornybare energikjelder, er hydrogen ein energiberar som er CO2-utsleppsfri.

«Prosjektet strekkjer seg over fem år og har som mål å gjere Hirtshals Havn til ein modell for grøne hamner ved å fokusere på avkarbonisering og berekraftig transformasjon», heiter det meldinga.

Produksjon til sommaren
Norwegian Hydrogen har allereie eitt hydrogenproduksjonsanlegg i Danmark, ved Hjørring.

Der står det att å få på plass alle naudsynte godkjenninger, før produksjonen kan starte. Norwegian Hydrogen sitt håp er i vere i gang innan sommaren kjem.

Anlegget ved Hjørring er mindre enn anlegget som er planlagt i Hirtshals. Også anlegget i Hjørring skal få straum frå vindkraftanlegg, der planen er å produserer når straumen er billeg.

Publisert: 04.03.2024 14:07

Sist oppdatert: 04.03.2024 14:25

Mer om