NETT NO kjenner til at Ocean Energy-leiinga er i tett dialog med aktørar som ønskjer å byggje ut bølgjekraftverk i stor stil på Kanariøyane.
- Det kan verte snakk om å utplassere bølgjekraftverk som produserer 200 MW energi årleg. I så fall trengst det 8000 av Ocean Energy sine stormbøyer, seier oppfinnar og styreleiar Tov Westby i Ocean Energy.
Etter planen skal testinga starte her i sjøen utanfor senteret frå sommaren neste år. Men samstundes vert det testar ved Kanarøyane i regi av det spanske havforskingsinstituttet Plocan.
- Ja, vi går spennande tider i møte, seier Westby, som har med seg Asbjørn Skotte frå Sjøholt som partner i prosjektet.
I eit intervju med NETT NO-magasinet fortel Westby at selskapet meiner at ein har løyst problemet ved at bøyene havarer når det er dårleg vêr. Dei rett og slett dykkar til uverêt er over.
Bøyene er festa til ein generator på botnen gjennom ei vinsj, og selskapet har utvikla software som styrer neddykkinga, og som også korrigerer for tidevass-skilnader, slik at det kan produserast mest muleg kraft.
Seabased har utvikla ein lineærgenerator for direkte induksjon av energi utan andre mekaniske komponentar. Bøya på overflata følgjer bølgjene, og energien som vert skapt i denne bølgjebevegelsen vert overført gjennom ein stram wire til generatoren som står på botnen.
- Ei ideell løysing, som no vert uttesta i stor skala i Lysekil, seier Westby som opplyser at generatoren vert hermetisk lukka inne i eit monteringsrør fylt med nitrogen, for å unngå rustangrep inne i generatoren.
- Tidlegare har rust og vedlikehaldsbehov vore ei stor utfordring. Vi meiner vi har funne ei god løysing også på dette.
- Men på Kanariøyane er der mykje folk, svært høg straumpris og stort behov for meir energi. Folk er også kritiske til den storstilte utbygginga av vindmøller på land.
- Slik er det også mange andre stader. Vi ser eit stort potensiale i konseptet.
I tillegg til Runde Miljøsenter, har Westby og Stokke fått med seg fleire sunnmørske interessentar rundt satsinga på "Storm Buoy" - som stormbøya vert kalla. Mellom anna er Ålesund Kunnskapspark er tungt inne på eigarsida. Kongsberg Evotec skal levere vinsjesystem til testbøyene, medan Westplast på Leinøy har vore med på å utvikle sjølve bøyeløysinga.
- Ja, dette er muleg å få til. Vi har utfordingar, men ikkje verre enn kva vi kan løyse.
Skorpen har bygt ei prototype av flytebøya i komposittmateriale, ei bøye som ser mest ut som ein flygande tallerken. Denne bøya skal han i første omgang teste i sjøen ved Westpast-anlegget.
- Vi kjem til å leike oss litt her framover, køyre bøya ned i stygt vêr og ta den opp att når vêret har roa seg.
Systemet for neddykking er eigentleg enkelt.
- Dette vert gjort ved at ventilane til ballasttankane i bøyene opnar seg og tek inn vatn, slik at ei vinsjeanordning dreg bøya rundt ti meter ned under overflata, langt nok til å at ein går klar vind og store bølgjer ved havoverflata medan uvêret pågår.
- Når stormen er over, vert trykket i vinsja letta gjennom fjernstyring, og bøya stig til overflata att, seier Skorpen.
- Det kan verte snakk om å utplassere bølgjekraftverk som produserer 200 MW energi årleg. I så fall trengst det 8000 av Ocean Energy sine stormbøyer, seier oppfinnar og styreleiar Tov Westby i Ocean Energy.
Runde-test
Selskapet er no i ferd med å hente inn pengar gjennom ein folkeemisjon for å finansiere uttesting av det nye konseptet, ei uttesting som i første omgang skal skje ved Runde Miljøsenter i Herøy.Etter planen skal testinga starte her i sjøen utanfor senteret frå sommaren neste år. Men samstundes vert det testar ved Kanarøyane i regi av det spanske havforskingsinstituttet Plocan.
- Ja, vi går spennande tider i møte, seier Westby, som har med seg Asbjørn Skotte frå Sjøholt som partner i prosjektet.
I eit intervju med NETT NO-magasinet fortel Westby at selskapet meiner at ein har løyst problemet ved at bøyene havarer når det er dårleg vêr. Dei rett og slett dykkar til uverêt er over.
Bøyene er festa til ein generator på botnen gjennom ei vinsj, og selskapet har utvikla software som styrer neddykkinga, og som også korrigerer for tidevass-skilnader, slik at det kan produserast mest muleg kraft.
Svensk generator
For sjølve generatoren som er knytt til kvar bøye gjennom ei vinsj og ein wire, samarbeider Ocean Energy med selskapet Seabased AB, med utspring i Uppsala Universitetet i Sverige.Seabased har utvikla ein lineærgenerator for direkte induksjon av energi utan andre mekaniske komponentar. Bøya på overflata følgjer bølgjene, og energien som vert skapt i denne bølgjebevegelsen vert overført gjennom ein stram wire til generatoren som står på botnen.
- Ei ideell løysing, som no vert uttesta i stor skala i Lysekil, seier Westby som opplyser at generatoren vert hermetisk lukka inne i eit monteringsrør fylt med nitrogen, for å unngå rustangrep inne i generatoren.
- Tidlegare har rust og vedlikehaldsbehov vore ei stor utfordring. Vi meiner vi har funne ei god løysing også på dette.
Sunnmørs-interesser
Med dagens låge straumprisar i Norge, meiner Westby ikkje at Norge er den idelle staden å satse på.- Men på Kanariøyane er der mykje folk, svært høg straumpris og stort behov for meir energi. Folk er også kritiske til den storstilte utbygginga av vindmøller på land.
- Slik er det også mange andre stader. Vi ser eit stort potensiale i konseptet.
I tillegg til Runde Miljøsenter, har Westby og Stokke fått med seg fleire sunnmørske interessentar rundt satsinga på "Storm Buoy" - som stormbøya vert kalla. Mellom anna er Ålesund Kunnskapspark er tungt inne på eigarsida. Kongsberg Evotec skal levere vinsjesystem til testbøyene, medan Westplast på Leinøy har vore med på å utvikle sjølve bøyeløysinga.
Skorpen har trua
Dagleg leiar Hallgeir Skorpen i Westplast seier til NETT NO-magasinet at har tru på konseptet.- Ja, dette er muleg å få til. Vi har utfordingar, men ikkje verre enn kva vi kan løyse.
Skorpen har bygt ei prototype av flytebøya i komposittmateriale, ei bøye som ser mest ut som ein flygande tallerken. Denne bøya skal han i første omgang teste i sjøen ved Westpast-anlegget.
- Vi kjem til å leike oss litt her framover, køyre bøya ned i stygt vêr og ta den opp att når vêret har roa seg.
Systemet for neddykking er eigentleg enkelt.
- Dette vert gjort ved at ventilane til ballasttankane i bøyene opnar seg og tek inn vatn, slik at ei vinsjeanordning dreg bøya rundt ti meter ned under overflata, langt nok til å at ein går klar vind og store bølgjer ved havoverflata medan uvêret pågår.
- Når stormen er over, vert trykket i vinsja letta gjennom fjernstyring, og bøya stig til overflata att, seier Skorpen.
På Kanariøyane er der mykje folk, svært høg straumpris og stort behov for meir energi
Publisert: 12.05.2014 06:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:32






