(NPK- Kjell Åsmund Sunde): Mange har som mål at maritim næring om få år skal vere klimanøytral og ikkje sleppe ut klimagassar. Norges Reiarlagsforbund meiner ei politisk satsing på maritim næring verkeleg vil gjere ein forskjell for verda.
Det kom fram under eit digitalt arrangement i regi av miljøstiftinga Zero som gjekk av stabelen onsdag.
– Essensen i verkemiddelapparatet meiner eg fungerer godt. Kombinasjonen av stønad til innovasjon og ny teknologi og kravstilling i offentleg sektor er heilt essensielt for å lykkast, sa statssekretær Mathias Fischer (V) under panelsamtalen som var del av arrangementet.
– Det grøne skiftet dreier seg om politisk vilje. Noreg har levd av og med havet i 1000 år og skal gjere det i 1000 år til om vi gjer dei rette vala no, Even Aas frå Kongsberg Gruppen.
– Noreg er leiande innan teknologiutvikling i maritim næring. Politisk vilje er svært viktig for å få til teknologiskiftet. Om vi ikkje greier å utnytte det offentlege innkjøpsverket best mogleg taper vi. Vi må få på plass ei eining som både kan EØS-reglane, berekraft og innovasjon. Slik får kommunar, fylke og statlege etatar tryggleik i kjøp av løysingar, sa han.
– Det ligg enorme moglegheiter i å utvikle ny teknologi i norsk maritim næring. Ny grøn teknologi vil bli etterspurt både nasjonalt og internasjonalt. Om ein verkeleg vil gjere ein forskjell for verda framover er det i maritim næring ein må satse og engasjere seg, sa administrerande direktør Harald Solberg i Norges Reiarlagsforbund.
Solberg og Rederiforbundet la tidlegare i år fram ein strategi for å oppnå klimanøytral skipsfart. Dei har mellom anna som mål at alle bestillingar på nye skip skal vere nullutslepp innan 2030.
– Det som trengst for å få til det er kort fortalt eit sterkt samarbeid mellom politikarar, teknologiutviklarar og maritim næring, sa Solberg.
Han peika òg på at ønske frå Reiarlagsforbundet er internasjonale krav om at alle må segle klimanøytralt frå 2050.
(©NPK)
Det kom fram under eit digitalt arrangement i regi av miljøstiftinga Zero som gjekk av stabelen onsdag.
– Essensen i verkemiddelapparatet meiner eg fungerer godt. Kombinasjonen av stønad til innovasjon og ny teknologi og kravstilling i offentleg sektor er heilt essensielt for å lykkast, sa statssekretær Mathias Fischer (V) under panelsamtalen som var del av arrangementet.
Noreg er leiande
Under arrangementet deltok òg Kongsberg Maritime og Kongsberg Gruppen. Dei er leiande innan levering av grøne løysingar i maritim næring.– Det grøne skiftet dreier seg om politisk vilje. Noreg har levd av og med havet i 1000 år og skal gjere det i 1000 år til om vi gjer dei rette vala no, Even Aas frå Kongsberg Gruppen.
– Noreg er leiande innan teknologiutvikling i maritim næring. Politisk vilje er svært viktig for å få til teknologiskiftet. Om vi ikkje greier å utnytte det offentlege innkjøpsverket best mogleg taper vi. Vi må få på plass ei eining som både kan EØS-reglane, berekraft og innovasjon. Slik får kommunar, fylke og statlege etatar tryggleik i kjøp av løysingar, sa han.
Samarbeid er nøkkelen
Under panelsamtalen deltok òg aktørar frå skipsnæringa og leverandørar.– Det ligg enorme moglegheiter i å utvikle ny teknologi i norsk maritim næring. Ny grøn teknologi vil bli etterspurt både nasjonalt og internasjonalt. Om ein verkeleg vil gjere ein forskjell for verda framover er det i maritim næring ein må satse og engasjere seg, sa administrerande direktør Harald Solberg i Norges Reiarlagsforbund.
Solberg og Rederiforbundet la tidlegare i år fram ein strategi for å oppnå klimanøytral skipsfart. Dei har mellom anna som mål at alle bestillingar på nye skip skal vere nullutslepp innan 2030.
– Det som trengst for å få til det er kort fortalt eit sterkt samarbeid mellom politikarar, teknologiutviklarar og maritim næring, sa Solberg.
Han peika òg på at ønske frå Reiarlagsforbundet er internasjonale krav om at alle må segle klimanøytralt frå 2050.
(©NPK)
Om ein verkeleg vil gjere ein forskjell for verda framover er det i maritim næring ein må satse og engasjere seg
Publisert: 25.11.2020 15:35
Sist oppdatert: 07.04.2021 19:54