Dette seier konsernsjef Jon Erik Engeset til NETT NO etter at selskapet la fram tala for første kvartal 2015.
- Hittil har mange land vore opptekne om å verne om sine stålverk og deira produkt. Men no ser vi mange stader ei endring der det på grunn av miljøomsyn er aukande interesse for våre løysingar.
- Vi har ikkje tatt endelege beslutningar, men noko vi vurderer.
- Dette gjer vi også fordi det er så høge tollbarriærer i mange land.
- Nei, tvert imot. Her har det vore eit enormt press på dei tilsette på grunn av stor ordremengde.
- På Raufoss har det vore 24/7-drift, og eg trur nok dei tilsette er letta for at dei kunne ta seg ein liten pustepause i 1. kvartal.
Engeset trur på sterk vekst både innanfor behaldarar av glasfiber og karbon.
- Vi er verdsleiande på desse produkta, og vi ser store mulegheiter framover.
- Vi har lite gjeld og pengar på bok. Vi er rigga for sterk vekst.
Det siste området har hatt sterk vekst, spesielt til bruk i store køyretøy for å frakte naturgass, sjølv om det er redusert aktivitet i Nord-Amerika i produksjon av gass frå skiferfelt.
Innanfor personbilmarknaden har det gått dårlegare med salet av gasstankar.
- Vi tener i dag ikkje pengar her, men trur også at denne marknaden vil løsne.
Engeset opplyser at ein tener pengar på samarbeidet, og trur at det også vil løsne skikkeleg i Russland.
- Det er utfordringar i Russland no, men vi trur det vil løsne. Vi har i alle fall ingen planar om å forlate Russland.
- Hittil har mange land vore opptekne om å verne om sine stålverk og deira produkt. Men no ser vi mange stader ei endring der det på grunn av miljøomsyn er aukande interesse for våre løysingar.
Tollbarriærer
Hexagon har i dag produksjon i Lincoln i Nebraska og på Raufoss. Engeset seier at ein no ser på etablering andre stader.- Vi har ikkje tatt endelege beslutningar, men noko vi vurderer.
- Dette gjer vi også fordi det er så høge tollbarriærer i mange land.
Pustepause
Han seier at det slett ikkje er snakk om å redusere kapasiteten ved anlegga på Raufoss og Lincoln.- Nei, tvert imot. Her har det vore eit enormt press på dei tilsette på grunn av stor ordremengde.
- På Raufoss har det vore 24/7-drift, og eg trur nok dei tilsette er letta for at dei kunne ta seg ein liten pustepause i 1. kvartal.
Smartpris
Tysdag vann Hexagon Ragasco på Raufoss prisen for "norges smarteste bedrift".Engeset trur på sterk vekst både innanfor behaldarar av glasfiber og karbon.
- Vi er verdsleiande på desse produkta, og vi ser store mulegheiter framover.
- Vi har lite gjeld og pengar på bok. Vi er rigga for sterk vekst.
Naturgass
Dei minste glasfibertankane vert normalt brukte til propan, medan dei største vert brukte til komprimmert naturgass.Det siste området har hatt sterk vekst, spesielt til bruk i store køyretøy for å frakte naturgass, sjølv om det er redusert aktivitet i Nord-Amerika i produksjon av gass frå skiferfelt.
Innanfor personbilmarknaden har det gått dårlegare med salet av gasstankar.
- Vi tener i dag ikkje pengar her, men trur også at denne marknaden vil løsne.
Trur på Russland
Hexagon er allereie etablert i Russland gjennom eit joint venture (likeverdig partnerskap, red merk) med eit russisk selskap i Novgorod.Engeset opplyser at ein tener pengar på samarbeidet, og trur at det også vil løsne skikkeleg i Russland.
- Det er utfordringar i Russland no, men vi trur det vil løsne. Vi har i alle fall ingen planar om å forlate Russland.
Vi er rigga for sterk vekst
Publisert: 07.05.2015 10:03
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44