Trur paa groent lys for godstog paa Raumabanen
MEIR VARER PÅ BANE? Utan fare for nye ras frå Veslemannen er det fornya håp om godstrafikk på Raumabanen. Ålesund-speditør Stein Arve Waagan i Freja-konsernet håper fleire vil nytte seg av tilbodet. 
Nytt

Trur på grønt lys for godstog på Raumabanen

Lysare tider for ny godstransport på Raumabanen etter at Veslemannen falt - kan fjerne 10.000 trailerar årleg frå E136 i Romsdalen. – Det er ventilen vi har mangla, seier Ålesund-speditør.

Marius Rosbach
09.09.2019
Etter at Spiret i fjellpartiet Veslemannen raste før helga, er det ein ny kvardag for frakt av gods på Raumabanen. Det ustabile fjellet har gjort at godstrafikk har vore ein risikosport med stadige stengingar.
No trur både Rauma-ordføraren og speditørar frå Ålesund at tilbodet snart kjem tilbake.
– Det er ventilen vi har mangla og for næringslivet vil dette vere ei kjempegod løysing, seier Stein Arve Waagan til NETT NO.
Leiaren av Freja sin avdeling i Ålesund trur det er godstrafikk på Raumabanen igjen seinast 1. april neste år.

Hinder for utvikling

Allereie under den direktesende pressekonferansen fredag, då , fortalde ordførar Lars Olav Hustad i Rauma at det såg lyst ut for å ny godstrafikk.

– Vi mista godstrafikken på grunn av Veslemannen og vi er klare til å få til den tilbake no, sa Hustad berre minutt etter at faregraden vart skifta til grønt.
Jernbanen og vegen gjennom Romsdalen har vore mykje stengt dei siste fem åra, og ordføraren la ikkje skjul på at det har vore eit hinder for utvikling.

Har kjøpt inn nytt tog

Green Cargo var det siste selskapet som hadde kontrakten med godstrafikk på strekninga. Etter fleire år med underskott,.
– Vi har heile tida hatt dialog med Green Cargo. Vi har fått positive signal og eg er optimistisk. No er iallfall ei av utfordringane rydda av vegen, seier Hustad til NETT NO.
Nytt tog med lokomotiv som kan gå både på batteri og diesel, er allereie kjøpt inn.
– Green Cargo har søkt om slottider frå starten av 2020, og nytt materiell er klarert. Det siste vi fekk høyre, var at det dei trengde litt meir tid til å skaffe nok kundar, seier Hustad.

Les også

:

Kan erstatte minst 10.000 vogntog

Frå Freja-avdelinga til transportkonsernet i Ålesund har Stein Arve Waagan vore engasjert for å få ny drift i godstrafikken gjennom Romsdalen. Saman med Bring Posten og Post Nord har dei jobba for å garantere eit visst volum med konteinerar.
– Vi er veldig nær målet. Kravet frå Green Cargo er at 80 prosent av vognene må vere fylt opp for at dei skal starte opp at igjen, seier han og håper at dei får med fleire importørar på laget.
Kravet er 28 konteinarar, som svarar til 14 trailerar. Med dagleg tog tur-retur er det mogleg å bli kvitt kring 10.000 vogntog frå vegen årleg på den stadvis smale og svingete vegen.

– Framtidas løysing

Store delar av varene ut og inn frå Nordvestlandet går i dag på lastebil over E136. Waagan meiner godstransport på strekninga vil vere viktig for næringslivet i heile regionen.
Og han lovar at det skal vere konkurransedyktig både på pris, tid og sjølvsagt når det gjeld klimautslepp.
– Banetransport er framtidas løysing og ein kanal vi må bruke. Vi tenkjer både eksport og import.
Planen er at godstoget køyrer frå Oslo om kvelden og kjem til Åndalsnes i løpet av natta. Returen går klokka åtte om morgonen, som gjer at godset rekk båtane som går frå Oslo same kveld.
– Det vil vere ei god løysing for godset både innlands og utanlands transport. Varer som går ut frå Åndalsnes måndag morgon, vil vere i Kiel onsdag ettermiddag. Det er ganske kjapt, seier Waagan.

Les meir:



Vi er veldig nær målet. Kravet frå Green Cargo er at 80 prosent av vognene må vere fylt opp for at dei skal starte opp at igjen

Publisert: 09.09.2019 05:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39