Sigurd Reksnes møte Kjøde Foto Marius
OPTIMISME OG URO: Stad-ordførar Sigurd Reknes fekk høyre både optimisme for ringverknadene og uro for anleggsperioden for Stad skipstunnel under folkemøte i Kjøde denne veka. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Trur på løft frå skipstunnelen

Stad-ordførar spent på etableringa av ein rekke nye næringsområde. Sjå skisser av planane.

Marius Rosbach
01.03.2024

Denne veka blei lokalbefolkninga på begge sider av den planlagde Stad skipstunnel orientert om korleis anleggsperioden skal gjennomførast.

Då fekk også dei mange som har ønska seg steinmassar frå prosjektet, svar på om dei var på lista over dei prioriterte tiltaka.

– For Stad kommune var dette positive nyheiter og alle dei større prosjekta i kommunen ligg an til å få steinmassar, seier ordførar Sigurd Reksnes til NETT NO etter å ha vore med på møte på nordsida i bygda Kjøde.

Trur på «store ringverknader»
Ordføraren meiner skipstunnelen alt i alt vil vere eit kjempepositivt prosjekt både for dei og nabokommunane, Vanylven og Kinn.

– No får vi utvikla nye næringsareal og eg trur det vil kome store ringverknader, seier han.

I Stad kommune skal store delar av massane nyttast til å etablere Stad Molo-prosjektet på nordsida av halvøya og eit nytt stort næringsareal på Lesto sør for tunnelen.

Mangel på areal med tilgang til kai
Reknes kan fortelje at dei opplever stor interesse kring skipstunnelprosjektet generelt, og trur samferdselsprosjektet kan trekke til seg nye aktørar innan både industri, fiskeri og reiseliv, som vil sjå det som attraktivt å etablere seg nær skipsleia.

– Det unike er at vi har sjønære areal med tilgang til kai. Det er stor mangel på slike områder i vår region, legg ordføraren til.

(sjå illustrasjonar og skisser av dei ulike planane under)

Stad skipstunnel steinmasser kart 11
PRIORITERTE PROSJEKT: Denne veka blei det klart kva prosjekt som er prioritert til å få steinmassar frå Stad skipstunnel. Det er ikkje sikkert at alle tiltaka får all steinen dei ønskar seg. Illustrasjon: Kystverket

Bygdefolket uroa for anleggsperioden
Mellom lokalbefolkninga i bygda Kjøde er det på langt nær alle som ser fram til å få skipstunnel. Iallfall ikkje når det inneber ei byggeperiode på fire til seks år.

– Vi må ha respekt for at nokre område vil merke dette veldig godt, og vi må høyre på innbyggjarane, seier Stad-ordføraren.

På folkemøte fekk han høyra om uro for både støy og miljøverknad, men også korleis det skal bli å ha eit kvardagsliv midt i det som vil vere ein anleggsplass.

Dei nærast råka kan bli bedne om å flytte vekk frå heimen i periodar. Fleire har allereie bestemt seg for at dei flyttar vekk medan massetransporten med dumparar og lastebilar skal gå gjennom bygda dei første åra av anleggsperioden.

Terje skjeppestad kystverket foto marius
STOR PÅVERKNAD: Prosjektleiar Terje Skjeppestad i Kystverket fortel at anleggsperioden vil påverke dagleglivet til folk i nærmiljøet betydeleg. Foto: Marius Rosbach

Kan starte bygging seint i 2025
Prosjektleiar Terje Skjeppestad i Kystverket la ikkje skjul på at det vil vere stor skilnad på dagens Kjøde og «anleggs-Kjøde».

– Det blir bråk, vi kan ikkje seie noko anna, sa han til dei frammøtte.

Steinmassane som skal til eit nytt næringsområde i Kjøde og steinen som blir nytta kring tunnelportalen skal etter planen bli frakta med lastebilar og dumparar. Steinmassane som skal lengre vekk, blir frakta med lekter på sjøen.

Skjeppestad fortalde at målet er å ha grunnlaget for anbodet klart til sommaren. Om tilboda som kjem inn, held seg innafor kostnadsramma på drygt fem milliardar, vil prosessen går vidare og ein kan ein ha vald ein entreprenør hausten 2025 – og starte bygginga mot slutten av det året.

Sjå skisser og illustrasjonar for dei ulike prosjekta (kjelde: Kystverket)

Skipstunnel stein tunnelåpning lesto
STORSATSING: Næringsområdet ved Lesto på sørsida av skipstunnelen og portalen ved tunnelopninga mot Moldefjorden.
Skipstunnel stein prodtex mowi
VANYLVEN: Prodtex på Fiskåholmen og Mowi si planlagde utviding på Rovde.
Skipstunnel stein stad molo breivika
STAD: Stad Molo og Breivika på nordsida av tunnelen.
Skipstunnel stein småstranda klovningen årsheim
VANYLVEN: Ved Klovningen, Småstranda og Årsheim har tre prosjekt kome inn på prioriteringslista.
Skipstunnel stein pelagia måløy
SØR FOR TUNNELEN: Pelagia på Moldestad og sentrumsprosjektet i Måløy er på lista.
Skipstunnel stein flatraket nordvestvinduet
PÅ LISTA: Bygda Flatraket og ved Nordvestvinduet på Nordfjordeid.
Skipstunnel stein domstein babord
FISKERI: Domstein og Babord-satsingar ved Måløy.
Skipstunnel stein pelagia kinn skårastranda
UTFYLLINGAR: Pelagia vil også utvide anlegget i Kinn og det er planlagt utfylling ved Skårastranda i same kommune.
Skipstunnel stein barstadvika skottneset
OPPDRETT OG CAMPING: Ved Barstadvika er det planar om oppdrett på land og ved Skottneset kan det bli utviding av campingen.

Publisert: 01.03.2024 14:00

Sist oppdatert: 01.03.2024 15:45

Mer om