Kenneth Brandal - Hege Karete Hamre Foto Kjetil 11
MILLIONGÅVE: Dagleg leiar Kenneth Brandal i Stad Molo fekk overrekt ein million kroner av Sparebanken Møre og regiondirektør Hege Karete Hamre. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

- Dette vert ei heilt ny tidsrekning for oss

Han kjempar for å få bygt 1,2 kilometer med molo på Stad. Torsdag fekk han seg ei gledeleg overrasking.

11.11.2022

- Eg vert nesten mållaus. Ein million kroner er veldig mykje pengar, sa dagleg leiar Kenneth Brandal i Stad Molo etter at Sparebanken Møre på eit møte på Stad hotell gav denne runde summen til prosjektet på Leikanger.

Gåva vart overrekt av regiondirektør Hege Karete Hamre i banken.

- Vi har stor tru på prosjektet. Men vi må som regel gjere det sjølve her ute på kysten, for det kjem ingen og hjelper oss, sa Hamre.

Ho meinte Stad Molo var viktig for næringslivet, men også for folket.

- Dette er eit prosjekt som gir bulyst.

- Dette er også eit prosjekt som viser at Stad skipstunnel ikkje berre er ein tunnel, men noko som kan bidra til masse knoppskyting.

80 aksjonærar
Kenneth Brandal seier det er stor oppslutning om prosjektet.

- Her er eit godt samhald og stor dugnadsånd. Det viser blant anna igjen ved at 80 aksjonærar av bedrifter og bygdefolk hittil har støtta oss med nesten 1,6 millionar kroner.

Men det er ikkje berre moloar som skal byggjast. Det skal i tillegg fyllast ut 70 dekar næringsaral på Sjåstad, der det er i dag ei rekke bedrifter med stort behov for meir areal.

På andre enden, Stave, skal det i tillegg fyllast ut 10 dekar. Midt i ligg Stad hotell og Leikanger sentrum,

Interessa er allereie stor.

- Mange er klare til å byggje ut. Det har alt meldt seg interessentar til rundt 70 mål av arealet, seier Brandal.

Stad molo skisse ny
LEIKANGER: Slik er storutbygginga tenkt, med to moloar og eit industriområde i kvar ende av moloane. Totalt trengst det 1,6 millionar kubikkmeter masse til molane som skal fyllast opp frå 22 meter djupne og vere fem meter breie på toppen.. Skisse: Nordplan

Stor hamnemangel
Massa skal kome frå Stad skipstunnel. Av dei totalt sju millionar kubikkmeter som skal takast ut, trengst det rundt 1,6 millionar kubikkmeter til Stad Molo-prosjektet.

- Det er no eller aldri. Det er no vi får denne unike mulegheita til å byggje eit fantastisk hamneanlegg på nordsida av Stadlandet.

Kenneth Brandal seier at det er ein akutt mangel på kai- og hamneplass på heile Stad-halvøya. Det gjeld også for Ervik havfiske, der Brandal er direktør for forretningsutvikling i Ervik Havfiske Holding.

- Vi har i dag ikkje plass til verken våre eller andre sine båtar. Vi vil ha stort behov for ei utbygging på Leikanger.

- Men med Stad skipstunnel vert det i tillegg eit enormt behov for hamneplass for småbåtar. Vi ligg midt i skipsleia.

Det er no eller aldri
Kenneth Brandal

Passasjerskip
Dette vert det også lagt til rette for. Det er planlagt ei stor gjestehamn, i tillegg til ei stor kai som kan nyttast både til hurtigbåtar og større passasjerbåtar.

- Ja, det er ikkje noko i vegen for at cruiseskip skal kunne leggje til her. Då har ein kort veg til Vestkapp og andre store turistmål.

Stad Molo har sjølv stått bak reguleringsarbeidet, og fått godkjenningar for prosjektet.

- Vi har heile vegen hatt godt samarbeid med kommunen, seier Brandal.

20221110 150119 1
ETABLERINGAR: Mange bedrifter har etablert seg på Sjåstad på Leikanger, men fleire treng også meir plass. Foto: Kjetil Haanes

60 millionar kroner
Prosjektet er kostnadsrekna til om lag 60 millionar kroner, der blant anna sal av næringsareal skal finansiere 28 millionar og aksjekapitalen 10 millionar kroner. Resten skal lånefinansierast.

- Økonomisk skal vi klare dette. Det heile prosjektet står og fell på er at Stad-tunnelen vert bygt, og at vi får masse.

- Etter vårt syn er det vanskeleg å finne eit betre prosjekt for bruk av denne tunnelmassa.

Publisert: 11.11.2022 10:05

Sist oppdatert: 11.11.2022 14:56

Mer om