Nordfjord Kjøtt
VEKST: Stadig fleire nordmenn vil ha kjøtprodukt frå Loen. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Trur på nytt toppår for Nordfjord Kjøtt

Nordmenn handlar kjøt frå Nordfjord Kjøtt som aldri før, og styret trur på endå meir sal framover.

04.10.2021

Styret i Nordfjord Kjøtt er svært optimistiske etter eit år der Loen-selskapet selde kjøtprodukt for over 2,5 milliardar kroner, 21 prosent meir enn året før.

Ein hovedgrunn er at pandemien har ført til auka etterspørsel i Norge, ei utvikling som har halde fram inn i 2021.

Resultatet før skatt enda på over 100 millionar kroner i fjor, og styret trur på tilsvarande tal i år.

(saka held fram etter tabellen)

Nordfjord Kjøtt
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 2535,1 2095,6
Driftsresultat 126 23,2
Resultat før skatt 100,4 11,7

Fleire tilsette
Nordfjord Kjøtt auka talet på årsverk frå 278 i 2019 til 308 i fjor. Seldskapet betalte ut vel 222 millionar kroner i løn.

33 prosent av dei tilsette er kvinner.

Sjukefråveret låg på 8,6 prosent.

Nordfjord Kjøtt er ein del av Legula-konsernet, som i tillegg til Nordfjord Kjøtt også omfattar Nordfjord Kjøtt Slakt og Loen Kjøtt,

Familieeigd
Legula-konsernet er eigd av Geir Egil Roksvåg og barna Malin og Tom Roksvåg gjennom selskapet Gemto. Malin og Tom Roksvåg eig 49 prosent kvar av selskapet.

Den formelle makta ligg hos Geir Egil Roksvåg, fordi det er han som sit med A-aksjane, som har stemmerett på generalforsamlinga.

Nordfjord Kjøtt har ein samla eigenkapital på 284,7 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på 268,5 millionar.

Publisert: 04.10.2021 07:54

Sist oppdatert: 05.10.2021 08:30

Mer om