Tungt aa selje Selje
TØFFE TIDER: Selje Hotell har hatt seks år på rad med fallande driftsinntekter og bikka i fjor under 10 millionar kroner. 
Nytt

Tungt å selje Selje

Hotellbransjen blomstrar ikkje i ytre Nordfjord. Selje Hotel går på ein valutasmell i tillegg.

06.10.2016
Selje Hotel har eit lån på 0,9 millionar sveitsarfranc (cirka 7,4 millionar kroner) som skaper ekstra bry, i tillegg til fallande inntekter (sjå tabell). Driftsinntektene har gått ned kvart år sidan 2009. Då var dei på 15,1 millionar kroner, i fjor enda det med 9,6 millionar kroner. NETT NO si oversikt går tilbake til 1996, og 2015 er det første året driftsinntektene bikka under 10 millionar kroner.
I fjor bokførte hotellselskapet i Selje eit urealisert og realisert valutatap på til saman 1,7 millionar kroner. I 2014 hadde selskapet eit urealisert valutatap på 1,2 millionar kroner i følgje årsmeldinga for 2015. Selskapet hadde gått i minus uansett (sjå tabell), men valutatapa forsterkar problema.

Seks år i minus

Yavus og Emel Akcay kjøpte hotellet tidleg i 2014, frå familien Berge, med Gerd Kjellaug Berge i spissen.
Då hadde hotellet fire år bak seg med underskot, etter eigarskiftet har det vore to år til i minus.
Hotellselskapet i Selje har tapt eigenkapitalen, og revisor påpeikar "det foreligger en vesentlig usikkerhet som kan skape tvil av betydning om selskapets evne til fortsatt drift".
Styret meiner det er grunnlag for å drive vidare og skriv i årsmeldinga at "Det arbeides med planer som vil øke inntjeningen for bedriften og styret sikter mot balanse i regnskapet i 2016 og overskudd i 2017. Det er nødvendig for å kunne oppgradere hotellet, både utvendig og innvendig. Selskapet har eiendommer, som i samarbeid med panthaver, kan selges og tilføre likvide midler".

Tøft i Måløy

Også Måløy Hotelldrift i Måløy har ei lang rekke med underskotsår bak seg, og 2015 vart diverre ikkje noko unntak. Hotellet, som er ein del av Norlandia-kjeda, har gått med underskot sidan 2009.
Til skilnad frå Selje Hotell driv Måløy Hotelldrift eit hotell som først og fremst er retta mot forretningsreisande, og styreleiar Gisle Øygard var i fjor haust spent på korleis oljeprisfallet skulle slå ut i Måløy. Ut frå resultatet i fjor ser det ut som om det slo negativt ut.

Også på Nordfjordeid går hotella med tap (sjå tabell).

Pluss lenger inne

I indre Nordfjord går det betre. Før hotellparet Petra Wieth og Jens Brokmann tok over det nesten 150 år gamle hotellet i 2012 var hotellet stengt store deler av vinteren og hausten. Dei la om til heilårsdrift og inntektene steig.
Før eigarskiftet svinga inntektene til Raftevolds Hotel på Grodås mellom fem og sju millionar kroner. I fjor sette dei ny rekord, med driftsinntekter på 12,1 millionar kroner. Det er ein auke på over 1,2 millionar kroner samanlikna med 2014.
Overskot har også Preben Moen i Gloppen Hotell på Sandane, som har satsa tungt på å servere lokalprodusert mat og drikke.

Også Hjelle Hotell, Stryn Hotel, Innvik Fjordhotel og Hotel Alexandra/Hotel Loenfjord gjekk i pluss i 2015. Deira resultat kan du lese meir om under Relaterte saker.


Publisert: 06.10.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:01