Tussa blir stoerst i Istad Kraft
TIL ROMSDAL: Tussa, med hovudkontor (biletet) i Ørsta blir eigar av 49 prosent av aksjane i Istad-konsernet i Romsdal. 
Nytt

Tussa blir størst i Istad Kraft

Kraftprodusenten Tussa kjøper Statkraft sin aksjepost på 49 prosent i kraft- og nettselskapet Istad. Legg fleire hundre millionar på bordet.

21.06.2018
Tussa-sjef Elling Dybdal vil bygge større og sterkare kraft- og nettselskap i Møre og Romsdal. Kjøpet er gjort ut frå den målsettinga, i følgje Dybdal. Alternativet er at selskap utanfrå set seg i førarsetet.
- Det er betre at vi tek initiativet og samordnar oss i fylket, seier Dybdal.

Mellom 300 og 500 millionar

Partane i handelen vil ikkje gå ut med prisen på transaksjonen.
Dybdal seier det er snakk om ein investering som er mindre enn Tussa har gjort i fiberkabellegging (500 millionar kroner) og prisen Tussa betalte då Ålesund kommune sin aksjepost på 26 prosent i Tussa vart kjøpt ut i 2005 (323 millionar kroner).
Kjøpet er finansiert med lån.

Større

Tussa har ein produksjon på 680 GWh i eit normalår, Istad Kraft ein produksjon på 196 GWh.
Tussa er medeigar i nettselskapet Mørenett saman med Tafjord, og Tussa blir no indirekte eigar i Istad sitt datterselskap Istad Nett as.
Istad Kraft og Istad Nett er dei klart største selskapa i Istadkonsernet. Driftsinntektene deira var høvesvis 383 og 219 millionar kroner i 2017. Resutatet før skatt blei 42 millionar kroner for Istad Kraft og 22 millionar kroner for Istad Nett.

To-tre månadar

Dybdal seier Tussa og Istad har forhandla om handelen i to-tre månadar.
No må dei formelle godkjenningane på plass før kjøpet er i boks.
Istadkonsernet har to andre eigarar, Molde kommune (34 prosent) og Moldekraft (17 prosent).
Tussa er eigd av ei rekkje kommune på Søre Sunnmøre og KLP.
Det er betre at vi tek initiativet og samordnar oss i fylket

Publisert: 21.06.2018 22:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23