Åndalsnes
ÅNDALSNES: Tussa utvidar satsinga på IT-tenester, og etablerer kontor på Åndalsnes. Foto: Tussa
Nytt

Tussa satsar på Åndalsnes

Overtar fem tilsette som miste jobben i EMP Secure.

21.10.2022

Tussa veks innan IT-tenester og etablerer kontor på Åndalsnes. Fem medarbeidarar er tilsett ved kontoret.

Det opplyser Tussa i ei pressemelding fredag.

Tussa viser til at ein det siste året styrka satsinga på IT-tenester til næringslivet, og er i dag totalleverandør som leverer IT-tenester både frå eige datasenter og frå Microsoft Azure.

Fem kontor
Tussa har i dag kontor i Ørsta, Ålesund, Fosnavåg og Stryn, slik at Åndalsnes-kontoret vert femte plassen Tussa er på plass.

- Det nye kontoret på Åndalsnes vil styrke Tussa si IT-satsing i regionen og opne opp for nye kundar. Etableringa gir oss nærleik til nye kundar, og moglegheit til å yte god service, kompetanse og tenester lokalt, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.

EMP Secure har nyleg lagt ned IT-avdelinga si på Åndalsnes. Det førte til at fem personar sto utan arbeid, og at næringslivet mista IT-leverandøren sin. Dei fem personane har no fått arbeid i Tussa, og dette gir Tussa eit godt utgangspunkt for satsinga på Åndalsnes.

Solid omsettingsvekst
Tussa opplyser i pressemelinga at selskapet i 2022 har hatt god vekst innanfor IT-tenester.

- Vi har auka omsettinga og tilsett mange nye medarbeidarar i løpet av året. Veksten er knytt til både IT-avtalar, konsulenttenester og handelsvare.

- Målet vårt er å vere ein leiande leverandør av IT-tenester og satsinga vi no gjer gir rom for vidare vekst, seier Driveklepp.

Publisert: 21.10.2022 11:26

Sist oppdatert: 21.10.2022 11:37

Mer om