Både L K Hjelle og Tonning & Stryn leverer møblar i ei høg prisklasse og sel gjennom frittståande møbelhandlarar. I fjor gjekk begge i minus og inntektene fall (sjå tabell).
Tonning & Stryn er resultatet av samanslåing av Stryn Møbelindustri og Tonning Møbelfabrikk i 2013. Då hadde begge hatt fall i salet og håpa på ny vekst under same tak.
I 2015 passerte selskapet, der ein stor del av møbelproduksjonen er handarbeid, 15 millionar kroner i driftsinntekter. Etter det har trenden vore fallande, med ein liten vekst i 2018 og nytt fall i fjor, til 10,7 millionar kroner. I løpet av dei fem siste åra har resultatet før skatt svinga mellom 0,6 og minus 0,9 millionar kroner. Dagleg leiar Silje Vollan seier ho ventar inntektsvekst i år.
Nye eigarar
Hos L K Hjelle Møbelfabrikk i Sykkylven kom nye investorar inn på eigarsida i 2018.
Dei nye aksjonærar skaut inn 12,3 millionar kroner og blei eigar av til saman 54 prosent av aksjane i selskapet. Den største investoren var Råna Invest, eit selskap med mellom andre tidlegare Ekornes-aksjonærar som eigarar. Råna Invest har i år gjort si andre investering i møbelindustrien i Sykkylven, ved å bli medeigar i møbelprodusenten Formfin.
Opprydding
2018-reknskapen var prega av oppryddning sa styreleiar Nils Fredrik Drabløs om 2018-reknskapen, som viste eit underskot på 6,1 millionar kroner i minus. I fjor ble underskotet før skatt 4,6 millionar kroner og driftsinntektene fall for andre år på rad.
Jens Peter Brunstad, som starta som dagleg leiar i L K Hjelle Møbelfabrikk i vår karakteriserte 2018 og 2019 som to tøffe år.
Han varsla ei tettare oppfølging av butikkane og å oppheve skiljet mellom møblar som er tenkt for privatmarknaden og møblar som er tenkt i bedrifter og offentlege bygg (kontraktsmarknaden).
- Vi har i dag modellar i kolleksjonen som fungerer godt både mot kontrakt- og privatmarknaden. Vi må bli flinkare til å presentere møblane våre i ein setting dei ulike kundegruppene kan identifisere seg med, sa Brunstad.
| L K Hjelle Møbelfabrikk as | ||
| Tal i mill. kroner | 2019 | 2018 |
| Driftsinntekt | 35,5 | 37,8 |
| Driftsresultat | -4,4 | -5,6 |
| Resultat før skatt | -0,2 | -1,0 |
| Tonning & Stryn as | ||
| Tal i mill. kroner | 2019 | 2018 |
| Driftsinntekt | 10,7 | 12,3 |
| Driftsresultat | -0,1 | 0,4 |
| Resultat før skatt | -0,3 | 0,2 |
Publisert: 22.09.2020 10:43
Sist oppdatert: 08.07.2026 08:43






