Ukraina 2
KYIV: Norsk fisk er populær i Ukraina. Total eksportverdi var i 2021 på 2,2 milliardar kroner. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Stor spenning for norske fiskeeksportørar

- For tidleg å seie noko konkret om konsekvensane, seier Sjømatrådet.

24.02.2022

Det russiske angrepet på deler av Ukraina har skapt stor usikkerheit for fiskeaktørar som eksporterer fisk til Russland og Ukraina.

Blant anna er Mariupol ei stor importhamn for norsk fisk, med stort fryseri. Frå Mariupol går meldingar ut på at det har vore regulære kampar mellom russiske og ukrainske soldatar.

- Uavklart
Tom-Jørgen Gangsø, direktør for marknadsinnsikt og marknadgang i Sjømatrådet skriv i ein epost til NETT NO at situasjonen er uavklart, og at det er for tidleg å seie noko om konsekvensane.

- Vi følgjer med på situasjonen og vil halde eksportørane oppdaterte så godt vi kan.

Han opplyser at Ukraina står for 1,8 prosent av den totale eksportverdien av norsk sjømat, noko som tilsvara rundt 2,2 milliardar kroner i 2021.

Når det gjeld eksport til Russland var den totale eksportverdien av norsk sjømat på rundt 248 millionar kroner i 2021.

- Til Russland er det i hovedsak snakk om eksport av levande laksefisk (smolt til oppdrett) og fòr, opplyser Gangsø.

Opne butikkar
Egersund Seafood er av dei store norske aktørane i Ukraina, og har blant anna fleire fiskeutsal i hovedstaden Kyiv.

Nyleg har selskapet også etablert Egersund Sushi i Kyiv.

Dagleg leiar Sergii Lysiuk opplyser til NETT NO at situasjonen er spent, men at selskapet sine butikkar likevel har ope i dag.

Publisert: 24.02.2022 12:31

Sist oppdatert: 24.02.2022 12:54

Mer om