Kari Elin Korsnes Hildre CEO Inseanergy foto Ogne
SOLKRAFT: Inseanergy-sjef Kari-Elin Korsnes Hildre presenterte selskapet for Ålesund Shippingklubb i går. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Brems for Inseanergy-emisjon

Fekk rakettstart. Så blei det stopp.

10.05.2023

Etter litt over eitt døgn hadde Inseanergy nådd minstemålet i kapitalutvidinga si i Folkeinvestregi og passert 10 millionar kroner i ny kapital.

Den gode starten skulle tyde på at selskapet også ville nå maksimal-målet på 25 millionar kroner, men i staden vart det nesten full stopp. To timar før teikningsperioden er over har Inseanergy fått tilsagn om 10,9 millionar kroner.

- Dei (Folkeinvest, red. merk) seier det er få av kampanjane som har nådd maksmålet i det siste. Den vanlege Folkeinvest-investoren er blitt meir forsiktig, seier dagleg leier Kari-Elin Korsnes Hildre i Inseanergy.

30 millionar kroner
I januar 2022 var Inseanergy i mål med si første kapitalutviding i regi av Folkeinvest. Då fekk selskapet inn 30 millionar kroner, som er ei av dei største kapitalutvidingane som er gjort i Folkeinvest-regi.

Folkeinvest er eit selskap som har spesialisert seg på kapitalinnhentingar til små- og nye bedrifter, frå mange og små aksjonærar.

Denne gangen er emisjonen i Folkeinvestregi ein del av ei kapitalutviding der Inseanergy også rettar seg mot profesjonelle investorar som både kan tilføre kapital, kompetanse og nettverk. Parallelt med Folkeinvestkampanjen har Inseanergy arbeidd også mot dei større og profesjonelle ivestorane, ifølgje Hildre.

Målet er å hente inn til saman 46 millionar kroner, innan utgangen av juni. I og med at resultatet frå Folkeinvestkampanjen ikkje gav full uteljing står det att inntil 35 millionar som må hentast frå større investorar for å kome heilt i mål.

Flytande solcelleanlegg
Inseanergy i Ålesund lagar flytande solcelleanlegg for oppdrettsnæringa og arbeider også med å utvikle anlegg som kombinerer solcellekraftanlegg og brenselceller som brukar hydrogen for å produsere kraft. Er hydrogenet produsert av elektrisitet frå vatn, vind eller solkraftverk er det snakk om ei energikjelde utan CO2-utslepp.

Ideen er å erstatte eller supplere kraftproduksjon frå dieselaggregat på oppdrettsanlegga, for å redusere CO2-utslepp. Inseanergy-anlegg kan og vere eit supplement til straumleveransar frå land.

Så langt har selskapet inngått kommersielle kontrakter med torskeoppdrettselskapet Ode og lakseoppdrettselskapet Bjørøy. På ein presentasjon i Ålesund Shippingklubb mandag denne veka sa dagleg leier Kari-Elin Korsnes Hildre at selskapet og har ein intensjonsavtale om å levere eit anlegg til eit oppdrettsselskap på Helgelandskysten.

Artikkelen er oppdatert med børskursar for selskap på Nordvestlandet, etter at børshandelen var avslutta i ettermiddag.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Statt Torsk 0,66 21,32 %
Havila Shipping 16,14 6,89 %
Hexagon Purus 21,00 3,45 %
Hexagon Composites 28,56 1,93 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 3,25 1,56 %
Endúr 44,00 1,38 %
Sparebanken Møre 79,00 0,64 %
Golden Energy Offshore Services 1,12 0,18 %
Hav Group 10,60 0,00 %
Nortel 32,00 0,00 %
Norva 24* 26,50 0,00 %
Atlantic Sapphire 4,58 -1,29 %
Salmon Evolution 6,72 -2,18 %
Hofseth Biocare 3,12 -2,19 %
Arctic Bioscience 10,40 -5,45 %
Havila Kystruten 7,30 -8,75 %
*Svenske kroner

Publisert: 10.05.2023 16:20

Sist oppdatert: 10.05.2023 17:05

Mer om